Grilla makrell med agurksalat

Vi har brukt mykje tid ute i båt i vår, med fisketroda klar. Resultatet har blitt fiskekaker, øving på filetering (treng framleis ganske mykje øving der gitt) og introduksjon for nye fiskesortar. I butikkane er det jo som regel berre torsk og laks å finne, så nye sortar har vore varmt velkomne. Med fiske-app på telefonen og sjø-vande folk med på tur har me lært mange nye fiskeslag.

grillet makrell

Grilla makrell med agurksalat

Makrellen var likevel enkel å kjenne igjen då han beit på troda, og det måtte bli grilla fisk til middag. Sidan makrellen er å finne i fjorden frå juni til november gjeld det å nytte høvet medan sesongen er her. Ikkje minst sidan makrell blir rekna som ein av dei aller enklaste fiskane å få på kroken. Og det er det som er fiskeglede om du spør kidsa og meg. Vi har litt lite tålmod til å vente på denne laksen som aldri bit..

grilla makrell med agurksalat
Men tilbake til makrellen. Grilla makrell er enkelt å lage til. Fjern hovudet på fisken, ta ut innmaten og skyl og tørk den. Krydre med salt og pepar i midten, legg gjerne ei sitronskive eller to inni og pensle skinnet med nøytral olje. Skjær tre små snitt i skinnet på kvar side og legg den så rett på grillen. Har du problem med at fiskeskinnet heng fast i grillen sjå tipa her:

Grilltips for fisk

  • Pensle skinnet godt med nøytral olje.
  • Pass på at grillrista er rein.
  • Bruk høg temperatur/direkte varme til å begynne med, då vil ikkje skinnet henge igjen i grillrista.
  • Grill fisken på toppen av nokre sitronskiver eller aluminiumsfolie dersom det er umogleg å få til tipsa over.
grill makrell

 

Oppskrift på Grilla makrell med agurksalat

4 porsjonar / Tid: 30 min

Makrell

  • 4 små/2 store makrell
  • nøytral olje
  • salt og pepar
  • sitronskiver

Agurksalat

  • 1 agurk
  • 1 ss hvitvinseddik
  • 1 ss sukker
  • salt og pepar

Tilbehør

  • 8-10 poteter
  • Rømme
  • Sitron
  1. Set over potetene, slik at dei rekk å bli ferdigkokte.

  2. Fjern hovudet og innmaten på fisken. Krydre med salt og pepar og legg nokre sitronskiver inni. Pensle med nøytral olje på utsida av fisken og lag tre snitt i kvar side. Grill fisken på høg/direkte varme på begge sider, og la den så eventuelt ettersteike på inndirekte varme tilslutt om det trengst. Ofte er det nok med omlag 5 minutt på høg varme på kvar side før fisken er ferdig, men dette er avhengig av storleiken på fisken og varmen på grillen. Prøv deg fram og grill til fiskekjøtet slepp beinet.

  3. Lag agurksalat ved å røre saman hvitvinseddik og sukker. Skjær agurk i skiver ved hjelp av ein mandolin eller ein ostehøvel. Bland saman og krydre med salt og pepar.

  4. Servér grilla makrell med agurksalat, kokte poteter, rømme og sitron. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.