Vekemeny 25

Så var den her. Siste veka med skule. Det er nesten slik at eg skulle ønskje at eg var tilbake på skulebenken for å oppleve den kjensla av evig lang skuleferie. No blir det mindre kvardagskjensle i heimen, sjølv om mor i huset ikkje skal ta ferie heilt enno.

Det kjem til å bli grilling ved kvart høve, slik normalen er her på Sunnmøre. Er det fint vêr så slepp vi alt vi har innandørs og er ute frå morgon til kveld. Då gjeld det å ha enkle og gode rettar å ty til!

Vekemeny 25

Mandag

alternativ til potetsalat

Druesalat

Druesalat er super å setje på bordet der du ellers ville ha servert potetsalat eller waldorfsalat, eller gjerne som tillegg til desse to klassikarane når du skal ta med noko… Fortsett å les »

Tysdag

oppskrift luksusomelett

Luksusomelett

Luksusomelett har alt det gode i seg frå vår favorittpai, men for at det skal gå endå raskare har vi skippa paibotnen. Resultatet er ein høg, luftig og smakfull omelett… Fortsett å les »

Onsdag

kvitvinsdampa blåskjell

Fiskesuppe med reker og blåskjell

Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »

Torsdag

Baconsurra kylling med krema pasta

Baconsurra kylling med krema pasta

  Baconsurra kylling med krema pasta er ein av desse deilige kvardagsmiddagane som er raske å lage og lette å like. Her er det berre å steike kyllingen, eller grille… Fortsett å les »

Fredag

rømmegraut

Rømmegraut

Rømmegraut er herleg tradisjonsmat som slett ikkje er vanskeleg å lage frå botnen. Ikkje treng du mange ingrediensar heller! Ein fin rett å servere både til kvardags og til fest…. Fortsett å les »

Laurdag

quinoa, kikert, søtpotet og feta salat

Quinoa og kikertsalat

Quinoa og kikertsalat i samarbeid med Helios.no /annonse/ Deilig salat med kokt quinoa og ovnsbakte kikerter og søtpotetbitar. Saman med varme krydder og salt fetaost er dette en deilig mettande… Fortsett å les »

Søndag

enkel grillmat

Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri

Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri i samarbeid med Helios /annonse/ Grillet kjøtt med maissalat og chimichurri er nydelig grillmat som krever liten innsats på kjøkkenet. Sausen rører du sammen… Fortsett å les »

Noko godt

lime mojito

Virgin Mojito

Virgin Mojito er mitt bidrag i #oppskriftsutfordringen januar 2017 som Julia bak bloggen Magevennlig mat har utfordra til. Utfordringa går kvar månad der vi norske matbloggarar utfordrar kvarandre i å… Fortsett å les »

Brødmat

spelt og rug brød

Speltbrød med rug

Speltbrød med rug er smakfullt og god kvardagsbrød for heile familien. Utan korn og frø, men med god smak av rug. Spelt har jo rykte på seg for å vere… Fortsett å les »

Vekas kake

bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær er fløyelsmjuk ostekake som verkeleg er ein høydare på eit kvart kakebord. Med blåbær gøymt inne i kaka og på toppen blir det i tillegg knallfarge!… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.