Vekemeny 24

Juni er godt i gong, og det er kjekkast med enkle middagsrettar som står på bordet i ei fart.Vi går inn i siste veka med vanleg skuleveke og det betyr avslutningar både her og der. Har du ein plan på kva middagar du skal servere innimellom alt går det så mykje enklare.

Nokre dagar er det digg å bruke tid på kjøkkenet og lage mat som tek lengre tid, men då er trikset å lage dobbel porsjon. Då har du nemleg middag heilt utan innsats og oppvask til dagen etter. Og så smakar alt som regel alltid betre dagen etter! Mitt tips til deg der altså, når sommartemperaturen varmar kring hushjørna.

Håper du finn noko du likar i menyen!

PS. Finn du ei oppskrift som det må vere ein feil i blir eg glad om du sender meg eit vink. Anten på facebook eller på e-post anita@kvardagsmat.no. Finn du ei oppskrift du likar godt må du gjerne dele til alle rundt deg;)

Vekemeny 24

Mandag

glutenfri kvit pizza med spinat, rødløk og valnøtter

Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter

Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter er ein variant av den kvite pizzaen med creme fraiche som base i pizzasausen. Resultatet blir mild pizza med reine smakar, der toppingen… Fortsett å les »

Tysdag

laks med kefirdressing

Laks med kefirdressing

Laks med kefirdressing i samarbeid med Kefir /annonse/ Laks med kefirdressing er ein perfekt kvardagsmiddag som ikkje tek lang tid å lage og som smakar veldig godt! Steikt laks er… Fortsett å les »

Onsdag

søtpotetsuppe med paprika

Søtpotetsuppe med paprika

Søtpotetsuppe med paprika er deilig varmande og god suppe for heile familien. Søtpotet gir ei suppe med nydeleg farge og deilig smak. Med litt currypaste blir det futt i suppa,… Fortsett å les »

Torsdag

krema kylling med spaghetti

Krema kylling og spagetti

Krema kylling og spagetti med både bacon og ruccola i seg er gode smakar som gir ein digg rett. Enkelt, raskt og skikkeleg kosemat som gjerne kan serverast ein kveld… Fortsett å les »

Fredag

tacograteng

Tacograteng

Tacograteng er fylt med steikt løk, kjøttdeig, mais, hakka tomat og tacokrydder. Toppa med smelta ost og gratinert i omnen er den perfekt å setje på bordet saman med nachos… Fortsett å les »

Laurdag

quinoapizza med spekeskinke, kantarell og pinjekjerner

Quinoapizza med spekeskinke, kantarell og pinjekjerner

Deilig, crisp pizzabotn laga av superfrøet quinoa som er kalla «Inkaens gull» på grunn av det høge næringsinnhaldet. Frøet er svært proteinrikt og er proppa med mineral, og då blei pizza med… Fortsett å les »

Søndag

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Kylling, feta og soltørka tomat høyrer godt i lag. I denne oppskrifta er kyllingbrystet fyllt med desse deilige smakane og grilla. Det blir saftig, godt og nydeleg salt smak av… Fortsett å les »

Noko godt

granolabar med tranebær

Granolabar

Granolabar er enkelt å lage heime og er perfekt å ha med i veska eller i sekken når du treng eit lite påfyll på vegen. Denne er søta med peanøttsmør,… Fortsett å les »

Brødmat

kvardagsmat oppskrift grove rundstykker

Grove rundstykker

Grove rundstykker er alltid populært å få servert til frukost eller å få ha med i matpakken. Ekstra godt er det å kunne dekkje kjøkkenbordet med godt pålegg og servere… Fortsett å les »

Vekas kake

bringebær panna cotta

Panna Cotta med bringebærsaus

Panna Cotta med bringebærsaus er super dessert å servere når du skal ha gjestar, og funkar kjempebra om du skal lage dessert til mange. For ikkje mange vekene sidan var… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.