Enkel sjokolademousse

Enkel sjokolademousse er desserten du kan lage når du har lyst på noko godt, men ikkje har allverda med tid. Eller når du skal invitere gjestar til middag og gjerne vil setje noko godt på bordet tilslutt. Då er det perfekt å ha ein enkel sjokolademousse å ty til. Lag den klar dagen før og set den i kjøleskapet. Så er den klar for å nytast når du søtbehovet melder seg etter middagen.

enkel sjokolademousseSjokolademousse er ein av desse dessertane som finnast på pose. Heilt utan grunn. Du treng få ingrediensar, og det heile er enkelt å lage. Du kan lage ei stor skål eller servere det i porsjonsskåler slik eg har gjort på bileta. Eller du kan gjere begge deler. Servert med bringebær til er dette nydeleg, lett og søtt!

Det som kan kallast vanskeleg med denne desserten er å stivpiske eggekvitene. Men det klarer du lett. Du knekk eit egg i ei lita skål, løftar ut eggeplommen og legg den i si eiga skål. Så heller du eggekviten i ein heilt rein miksebolle. Gjer det same med alle egga, og visp så eggekvitene på medium/full guffe i ei kjøkkenmaskin. Då får du tilslutt kvitt skum som held seg i bollen sjølv om du snur den opp ned. Men det treng du ikkje teste viss du ikkje vil altså.

enkel sjokolademousse

Så er det berre å smelte sjokoladen, vispe luftig kremfløyte og montere det heile. Nokre skitne bollar her altså, men ingen steiking eller kjevling. Og så så godt då!

Oppskrift på Enkel sjokolademousse

4-6 porsjonar / Tid: 20 min + avkjøling

  • 200 g mørk kokesjokolade
  • 4 egg
  • 3 dl kremfløyte
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 klype salt
  1. Knekk opp sjokolade i bitar og ha den over i ein bolle av metall eller glas. Kok opp ei lita kasserolle med vatn og set bollen over. Bollen må ikkje vere i kontakt med vatnet, men berre få varmen av dampen som vatnet avgir. La sjokoladen smelte på lav varme.

  2. Set bollen med den smelta sjokoladen litt til side, slik at den får avkjøle. Ikkje la den avkjøle så mykje at den stivnar.

  3. Skil egga og stivpisk eggekvitene. Set dei til side.

  4. Visp kremfløyte, vaniljesukker og salt til luftig krem.

  5. Rør inn eggeplommane i den smelta (men litt avkjølte) sjokoladen.

  6. Bland saman sjokolade og kremfløyte.

  7. Vend tilslutt inn dei stivpiska eggekvitene.

  8. Fordel sjokolademoussen i fine koppar eller glas og set til avkjøling i minst 2 timar.

  9. Server sjokolademoussen gjerne med riven sjokolade og bringebær på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.