Reklame

Havregryn-müsli

Havregryn-müsli er ein enkel müsli med gode frø og kjerner. Sunt kokosfeitt er blanda inn og gir god smak av kokos saman med kokosflaka. Denne oppskrifta gir omlag 3 liter müsli, slik at du slepp å lage nytt med ein gong. For eg tippar du blir like hekta som meg på å starte dagen med syrna mjølk, müsli og friske jordbær. Sa du frukost? Det smakar meir som ein dessert!

havregryns-müsli

Havregryn-müsli

For å lage denne müslien er det enklast at du måler opp frø og kjerner direkte i den boksa eller det glaset du skal oppbevare det i. Eg brukar ei kakeboks, utan julemotiv, og set den direkte på vekta. Då er det berre å nulle ut vekta og byrje å måle. Meir effektivt og mindre oppvask. Min favorittmåte å lage mat på!

havregryns-müsli
Har du lyst å ha tørka tranebær, rosiner eller aprikos i blandinga kan du sjølvsagt blande det inn. Det same gjeld frysetørka blåbær eller bringebær om du er så heldig å finne det på din butikk. For min del er denne laga heilt utan noko bær for å kunne bruke opp siste rest av dei frosne blåbæra i frysaren og nyte av sesongens nye bær. Det finnast ikkje noko betre altså!

musli med jordbær

Oppskrift på Havregryn-müsli

15-20 porsjonar / Tid: 20-30 min

  • 550 g Helios havregryn
  • 3-4 ss Helios kokosolje
  • 1 klype salt
  • 200 g Helios solsikkekjerner
  • 150 g Helios sesamfrø
  • 75 g Helios graskarkjerner
  • 100 g Helios kokosflak
  • 100 g Helios linfrø
  • 50 g Helios chiafrø
  1. Smelt kokosolje i ei stor gryte eller steikepanne. Ha i havregryna og la dei steike til dei blir gylne. Strø over salt og hell dei så utover eit bakepapir for avkjøling.

  2. Rist kokosflaka i steikepanna til dei er gylne, legg så til avkjøling.

  3. Mål opp alle frø og kjerner.

  4. Bland saman avkjølt havregryn, avkjølte kokosflak, frø og kjerner.

  5. Oppbevar müslien på tett glas eller i ei tett boks og nyt med syrna mjølk og friske bær.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.