Pære- og fenikkelsalat

Pære- og fenikkelsalat er ein frisk og god og klar på under ti minutt. Har du ein mandolin går kuttinga som ein leik, og det er berre å blande saman til slutt. Viss ikkje klarer du kunsten med ein vanleg kniv og ei skjærefjøl også. I tillegg til at salaten er kjapp å lage, er den også lett å kombinere med anna mat. Super å servere til både fugl, fisk og grillmat.

Når du lagar salaten kan du gjerne ta vare på dei grøne kvastane på fenikkelen. Dei er nemleg flotte som pynt på toppen, og smakar godt. Det same gjeld valnøttene. Hald litt tilbake og spar nokre som du kan strø over som pynt. Det er ekstra stas å forsyne seg av ein salat som ser fin ut!

grilla torsk, ovssteikte poteter og fenikkelsalatDenne gongen serverte vi fenikkelsalat til grilla fisk med raud pesto og ovssteikte poteter. Det blir heilt unødig med dressing eller rømme til, salaten funkar i staden. Potetene lagar du enkelt ved å blande med litt olje, salt og pepar og steike midt i omnen på 250 grader over- og undervarme. Dei er ferdige når dei ser ut slik som på biletet -knasande gode.

Pære- og fenikkelsalat er også nydeleg til kylling eller anna grillmat. Det meste som går på grillen passar til denne salaten. Og så er den frisk og god å setje på eit koldtbord saman med spekemat. Dette er ein salat med mange bruksområder med andre ord -akkurat slik ein salat skal vere!

Pære- og fenikkelsalat

Pære- og fenikkelsalat

Oppskrift på Pære- og fenikkelsalat

4 porsjonar / Tid: 10 min

  • 1 fenikkel
  • 1 pære
  • ca 2 dl creme fraiche
  • 1/3 purre
  • 1 dl valnøtter
  • salt og pepar
  1. Snitt fenikkel, pære og purre i tynne stavar/bitar. Bruk gjerne ein mandolin om du har. Ta vare på det grøne på fenikkelen, slik at du kan bruke det til pynt.

  2. Grovhakk valnøttene. Spar litt til pynt.

  3. Bland saman creme fraiche, fenikkel, pære, purre og valnøtter. Krydre med salt og pepar.

  4. Pynt med det grøne frå fenikkelen og litt av valnøttene.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.