Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola

Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola er pizza med ein ny vri. Ramsløk blanda med creme fraiche gir ein flott grønfarge på pizzasausen, men denne kan også vere heilt kvit. Har du ikkje ramsløk for hand nyttar du berre kvitløk i staden, og får eit nydeleg resultat då også.

Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola

Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola

Den røykte ørreten (eller laksen om du vil) er prikken over i’en, og skal først på pizzaen etter at den er steikt. Etter tips frå kjekke naboar smakar det mykje betre enn å legge den på før steikinga. Tenk at fisken skal vere med på å gi god smak, ikkje spele hovudrolla åleine. For mykje røykt fiske på toppen kan nemleg fort bli kvalmandes. Litt fisk er derimot heilt nydeleg!

ramsløkpure

Håper du fekk lyst til å prøve ein ny vri på fredagspizzaen, og at den fell i smak! PS. Treng du ikkje å lage glutenfri pizzabotn så kan du bruke denne oppskrifta på pizzabotn i staden.

pizza med ramsløk og ørret

Oppskrift på Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola

1-2 porsjon / Tid: 30 min + hevetid

Pizzadeig

  • 2 dl vatn
  • 1 ts tørrgjær
  • 2 ss rismjøl
  • 1 ss maismjøl + ekstra til utbaking
  • 3 ss maisenna
  • 50 g bokhvetemjøl
  • 1/2 ts salt
  • 1 ss psyllium/fiberhusk

Topping

  • 2 ss creme fraiche
  • 1 ts ramsløkpuré el. 1 fedd kvitløk
  • 1/4 rødløk
  • 1-2 dl riven ost
  • 50 g røykt ørret/laks
  • 1 neve ruccola
  • 2 ss rista pinjekjerner
  • nykverna pepar
  1. Rør saman deiga og la heve så lenge du har tid. Gjerne kaldheving i kjøleskap over natta, eller på benken i 1/2-2 t. Deiga skal vere ganske flytande, men vil bli tjukkare etter at den har fått stått ei stund.

  2. Set omnen på 250 grader og set inn ein pizzastein (eller eit bakebrett) midt i omnen.

  3. Skrap deiga over på eit bakepapir som du har dryssa litt maismjøl over. Strø endå litt meir mjøl på toppen og bruk henda til å klappe og forme deiga til ein rund pizzabotn. Strø litt meir maismjøl over ettterkvart, dersom deiga blir veldig klissete.

  4. Bland saman creme fraiche og ramsløkpuré og stryk ut over pizzabotnen. Fordel rødløk og ost over.

  5. Skru ned temperaturen til 230 grader og steik midt i omnen på varm pizzastein til osten er gyllen. Napp ut bakepapiret under pizzaen når den er halvsteikt og la den steike direkte på pizzasteinen.

  6. Fordel røykt ørret, ruccola og rista pinjekjerner over den varme pizzaen. Strø nykverna svart pepar over og nyt pizzaen med det same. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.