Enkel eggesalat

Enkel eggesalat er supert å lage når du har kokt for mange egg til frukost. Ikkje kast egga! Dei kan du bruke til eggesalat til lunsj eller som eggesmør til middagen. Eggesalata kan du lage ved å blande majones med egg og krydre med salt og pepar. Eller ved å blande inn litt rømme og sennep som eg har gjort her. Nydelg pålegg er resultatet!

egge salat

Enkel eggesalat

Egga deler du enkelt i små bitar ved å dele det i ein eggedelar i to omgongar. Først ein gong, og så snur du egget på tvers og deler det ein gong til. Kjekk oppgåve for kidsa! Dei kan forsåvidt lage heile eggesalaten sjølve, det er ei fin oppgåve å starte med på kjøkkenet. Denne har eg laga saman med eit tantebarn på fire år. Han var i ekstase, og ville ete lunsj med eggesalat før vi hadde plukka av bordet etter frukosten;)

enkel eggesalat

Har du sylteagurk i kjøleksapet anbefalar eg i tillegg å dele opp eit par skiver av denne og ha i også, det gir ekstra god smak. Med ein skarp eggedelar kan du dele den også i den.

Eggesalaten oppbevarer du i tett boks i kjøleskapet, og den held seg fint nokre dagar. Om du ikkje et opp alt med det same.

Oppskrift på Enkel eggesalat

4 porsjonar / Tid: 10 min

  • 4 kokte egg
  • 2 ss rømme
  • 2 ss majones
  • 1/2 ts sennep
  • (2 skiver sylteagurk)
  • salt og pepar
  • grasløk
  1. Rør saman rømme, majones, sennep, salt og pepar.

  2. Del egga i bitar, gjerne ved å dele dei i to omgongar i eggedelaren.

  3. Bland saman og strø grasløk på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.