Vekemeny 20

Vekemeny 20 er på plass, og då er 17. mai her også. Stryking av bunadskjorte og flagg står på planen, saman med god mat. På denne dagen må det kake til, anten kjøpt på bedehuset/skulen/kulturhuset eller heime på altanen. Er det i tilegg fint ver slik at ein kan avslutte med grilling er 17. mai perfekt spør du meg. Så kan ein gle eller gru seg eit år før det er feiring igjen. Hurra!

I vekemenyen finn du både grillmat og salat som passar på koldtbordet, i tilegg til noko enkelt godt å servere. Kaka er marsipankaka frå fjorårets 17. mai-kakebaking her i heimen. Publisert på bloggen nesten eitt år etter fotografering! Akkurat tidsnok der altså;)

Då må du ha ei fin feiring og ei fin veke!

Mandag

alternativ til potetsalat

Druesalat

Druesalat er super å setje på bordet der du ellers ville ha servert potetsalat eller waldorfsalat, eller gjerne som tillegg til desse to klassikarane når du skal ta med noko… Fortsett å les »

Tysdag

Vekemeny 18

Pai med bacon og marikåpe

  I bursdagsgåve fekk eg (les: kjøpte sjølv og pakka inn) denne boka, med mykje fine tips om planter som kan brukast i matlaging. Der var det blant anna marikåpe som… Fortsett å les »

Onsdag

lakseburger i pitabrød

Lakseburger i pitabrød

Lakseburger i pitabrød er lett å lage og lett å like. Du treng ei matmølle (foodprosessor) for at det skal gå raskast mogleg, men har du ikkje det tilgjengeleg kan… Fortsett å les »

Torsdag

sriracha suppe

Asiatisk grønnsaksuppe

Asiatisk grønnsaksuppe er inspirert av smakane frå Thailand med sitrongras, ingefær og spicy sriracha. Plutseleg er det slik at alle desse ingrediensane er å finne på fleire av mine lokale… Fortsett å les »

Fredag

Grilla kyllingwrap med tzatziki

Grilla kyllingwrap med tzatziki Til to porsjonar treng du: Ca 300 g kyllingfilet 2 tortillalefser 1 hjertesalat 1 neve ruccola 1 tomat 1 avocado ½ raud paprika ¼ rødløk paprikakrydder… Fortsett å les »

Laurdag

grilla lammekoteletter med myntedressing

Grilla lammekotelettar med myntedressing

Grilla lammekotelettar med myntedressing er deilig grilla kjøtt med frisk mynte på toppen. Pass på at du grillar på høg varme dei første minutta slik at du får med den… Fortsett å les »

Søndag

grill fisk torsk

Fiskepakke med torsk og grønsaker

Fiskepakke med torsk og grønsaker er digg mat å ete ute og er kjapp mat å lage på grillen. Middagen er ferdig på 20 minutt, og det gjer at du… Fortsett å les »

Noko godt

bringebær gresk yoghurt

Gresk yoghurt med honning, nøtter og bær

Med norske bringebær i sesong er dette ein superenkel og smakfull dessert, eller eit eige lite måltid, som du raskt kan lage. Du kan bruke dei nøttene du vil, eller gjere… Fortsett å les »

Brødmat

Eltefri rundstykke til hytteturen

  Eltefri rundstykker er og blir ein favoritt, og då må vi sjølvsagt lage det når vi er på hyttetur også. Har du ikkje gryte og utstyret du treng seier… Fortsett å les »

Vekas kake

marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær er verkeleg ei festkake! Og dette marsipanlokket er ikkje så vanskeleg å få til som du kanskje fryktar. Trikset er å kjevle marsipanen mykje større enn… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.