Bløtkake med bær

Bløtkake med bær høyrer til når det er fest og feiring. Eit sukkerbrød med krem og søte, friske bær er noko som både små og store likar å få servert. Flaks at det slett ikkje er vanskeleg å lage eit sukkerbrød då! Her får du enkle tips slik at sukkerbrødet blir vellukka kvar gong!

Bløtkake med bær

bløtkake

TIPS TIL PERFEKT SUKKERBRØD

  1. Visp egg og sukker lenge i kjøkkenmaskin, slik at du har veldig luftig eggedosis. I min Kenwood tek det ca 10 minutt med visping på middels-høg fart. Om egga er romtempererte er dette ein bonus, og er med på å gjere sukkerbrødet enda betre.
  2. Ikkje opne omnen før det har gått minst 20 minutt. Viss du opnar den før kan du risikere at sukkerbrødet fell saman.
  3. Avkjøl sukkerbrødet, i forma, opp ned på ei rist.

bløtkake med bærSånn! Då skulle alt ligge til rette for å få til eit perfekt sukkerbrød! Etter at sukkerbrødet har fått avkjølt deler du det i to og fyller med vispa krem med smak av vanilje og friske bær. For å få ei litt høgare kake kan du bruke trikset med å leggje bæra litt hulter til bulter i midten. Eller du kan skjære dei i skiver om du vil ha ei litt lavare kake. Smak og behag der altså. Like god uansett! Lukke til:)

 

Oppskrift på Bløtkake med bær

24-25 cm rund form porsjonar / Tid: 2 t

Sukkerbrød

  • 4 egg
  • 120 g sukker
  • 60 g kveitemjøl
  • 60 g potetmjøl
  • 1 ts bakepulver

Fyll

  • 1/2 dl saft
  • 3 dl kremfløyte
  • 3 ss sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 dl jordbær
  • 2 dl blåbær
  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme. Legg bakepapir i botnen av ei rund kakeform.

  2. Visp egg (helst romtempererte) og sukker i ein miksar til du har luftig og lys eggedosis. Dette tek ofte 5-10 minutt med visping, avhengig av type kjøkkenmaskin.

  3. Sikt i mjøl, potetmjøl og bakepulver. Vend inn med ein slikkepott til alt er jamt blanda. Ikkje rør, men vend. Då beheld du mest mogleg av lufta i eggedosisen og får eit høgt og fint sukkerbrød.

  4. Steik sukkerbrødet i 30-40 minutt midti omnen. Sjekk med ei kakenål/grillspyd midt i kaka for å sjå at den er ferdigsteikt. Dersom nåla er rein når den kjem opp er kaka klar. Dersom det er kakerøre på nåla må du steike litt til.

  5. Ta forma ut av omnen og la den avkjøle opp ned på ei rist. La sukkerbrødet blir heilt kaldt før du losnar det frå kakeringen. Det gjer du ved å dra ein kniv langs kanten og så opne kakeringen.

  6. Del sukkerbrødet i to, og legg toppen opp ned på eit kakefat.

  7. Dynk sukkerbrødet ved å ringle over saft, slik at kaka ikkje blir tørr.

  8. Visp kremfløyta saman med sukker og vaniljesukker til luftig krem. Stryk eit lag krem ut over kaka, legg delte jordbær og heile blåbær utover, avslutt med botnen på sukkerbrødet. Då har du undersida av sukkerbrødet vendt opp, og dermed vil kaka ha finast og jamnast overflate.

  9. Fordel resten av kremen på toppen og rundt kaka. Bruk ein slikkepott eller ein kniv og skrap av kremen rundt, slik at botnen viser frå sida. Kremen du får til overs kan du legge på toppen av kaka igjen.

  10. Pynt med bær på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.