Vekemeny 19

Vekemeny 19 er på plass og klargjeringa til den komande veka er på gong. Ny veke med lyse og lette vår-kvardagar! Kanskje har du leita fram grillen i helga? Då kan du klikke inn på forslaget for torsdagen denne veka og mekke saman ein frisk og digg saus/dressing til grillmaten. Menyen byd og på jordbær i første vekedag, så her er det berre å håpe på vidare fint vårvér.

Ha ei fin-fin veke!

Følg gjerne!
Instagram, Snapchat og Facebook: kvardagsmat

Mandag

brokkolisalat med jordbær og pistasjenøtter

Brokkolisalat med jordbær og pistasjenøtter

Sommaren er ikkje heilt over – sjølv om det kom snø i fjella her på Sunnmøre i går! Vi håper at den forsvinn like fort som den kom, og nektar… Fortsett å les »

Tysdag

«Lasagne» med squash (glutenfri)

I «Lasagne» med squash har eg brukt squash i staden for lasagneplater, og creme fraiche i staden for ostesaus. Dermed blir heile retten naturleg glutenfri, utan at det går utover smakane… Fortsett å les »

Onsdag

blask pepper sauce wok

Black pepper sauce wok

Dette er ein av mine asiatiske favorittar og det var god stemning i heimen då vi fann ut av vi kunne lage sausen sjølv, utan å kjøpe ein ferdig pakke!… Fortsett å les »

Torsdag

enkel grill saus

Chimichurri

Chimichurri er ein grillsaus frå Argentina eller Sør/Mellom-Amerika som er genial enkel å lage og super å servere på all grilla mat. Sausen skal ikkje koke, og kan kanskje best… Fortsett å les »

Fredag

vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta er ein skikkeleg god pizza som gjerne går på repeat her! Salt fetaost, raud pesto med litt sting i og knasande pinjekjerner er… Fortsett å les »

Laurdag

meksikansk gryte

Meksikansk gryte

Meksikansk gryte var maten vi alltid fekk servert på øvinghelg og andre samlingar i mi tidlegare korps-karriere. Eller karriere og karriere, det var kanskje å overdrive – men maten var… Fortsett å les »

Søndag

Panert torsk med steikte søtpoteter

Panert torsk med steikte søtpoteter og rømmedressing

Torsk er så fin kvardagsmiddag! Den treng ikkje mange minutta i panna før den er ferdig, og er i tillegg både sunn og god. Her i heimen blei heimelaga fiskepinnar… Fortsett å les »

Noko godt

speltsveler

Speltsveler

Speltsveler i samarbeid med Tine – Kefir /annonse/ Sveler er deilig kaffimat og har lange tradisjonar her på Sunnmøre. På ferjetur er det obligatorisk, og på dugnad eller marknadsbord kan… Fortsett å les »

Brødmat

eltefritt 4-kornbrød

Eltefritt firkornbrød

Eltefritt firkornbrød er laga med eit av dei nye produkta som Helios har presentert no i haust: Helios 4-korn flak med havre, bygg, rug og spelt. Det passar perfekt som… Fortsett å les »

Vekas kake

Enkel Oreo-iskake

Denne iskaka er super-enkel å lage og krev minimalt med utstyr og innsats. Ein liknande variant finn du her og den funkar finfint om du skal ete isen litt etter litt… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.