Marsipankake med friske bær

Marsipankake med friske bær er verkeleg ei festkake! Og dette marsipanlokket er ikkje så vanskeleg å få til som du kanskje fryktar. Trikset er å kjevle marsipanen mykje større enn kaka er, då går det som ein leik å få eit fint lokk på kremkaka di. Mitt absolutte favorittfyll er aprikossyltetøy, akkurat slik besta laga kaka då eg var lita. Men dei marsipanrosene som ho danderte med har eg gitt opp å få til. I staden pyntar eg kaka med friske, fine bær. Det er jo uansett alltid den finaste pynten!

marsipankake med friske bær
Du har sikkert sett desse ferdigkjevla marsipanlokka på butikken og tenkt at det verka enkelt og greit? Det har i allefall eg. Men konklusjonen er at det er endå enklare å kjevle ut lokket sjølv, då kan ein kjevle det endå litt større og pyntinga bli endå enklare. Med mykje større diameter på lokket enn på kaka er det nemleg lettare å få til ei glatt overflate og unngå stygge brettar og luftlommer.

marsipankake åpent lokk
I oppskrifta står det 3-5 dl kremfløyte, og det er fordi eg alltid lagar meir krem enn eg treng når eg lagar denne kaka. Då har eg litt ekstra etterkvart som eg pyntar, og så kan eg i naudsfall fylle resten i ein sprøytepose og bruke som eit triks om marsipanlokket ikkje blir fint nok. Resten av triksa finn du under her, så kan du enkelt prøve å lage marsipankake for første gong. Det meste kan fiksast og triksast til om det ikkje blir suksess første gong!

hjemmelaget marsipankakeTriks til kanten av marsipanlokket:

  1. Fyll krem i ein sprøytepose og lag små kremdottar rundt heile kaka for å skjule ein mindre pen marsipankant ved kakefatet. Er nauden ekstra stor kan du sprøyte krem opp langs heile kakekanten.
  2. Knyt eit sløyfeband rundt kaka. Bruk norskeflagget for 17.mai og rosa eller blått til dåpskake.
  3. Pynt med bær rundt kanten på kakefatet.
enkel marsipankake

Oppskrift på Marsipankake med friske bær

8-12 porsjonar / Tid: 3 t

Sukkerbrød

  • 4 egg
  • 120 g sukker
  • 60 g mjøl (kveitemjøl/glutenfritt)
  • 60 g potetmjøl
  • 1 ts bakepulver

Fyll og pynt

  • 3-5 dl kremfløyte
  • 2-3 ss sukker
  • ca 1 dl saft/eplejuice
  • 2 dl syltetøy
  • 1 pk (400 g) ekte marsipan
  • 3-4 ss mjøl eller potetmjøl
  • 2-3 dl friske bær til pynt
  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme. Kle ei rund form på ca 25 cm med bakepapir i botnen.

  2. Visp egg og sukker lenge i ei kjøkkenmaskin til du får lys og luftig eggedosis. Det er ein fordel om egga er romtempererte, men det viktigaste er uansett at du vispar lenge.

  3. Sikt i det tørre og vend det inn til alt er blanda. Bruk lette bevegelsar slik at du ikkje slår ut lufta du har fått i eggedosisen.

  4. Hell røra over i forma og steik midt i omnen i ca 30 minutt. Steiketida vil variere frå omn til omn, du sjekkar at di kake er ferdig ved å stikke ei kakenål midt i kaka. Kjem nåla opp utan flytande røre på seg er kaka ferdigsteikt. Vent uansett alltid 20 minutt før du opnar døra og sjekkar, slik at kaka ikkje fell saman.

  5. Avkjøl kaka, med forma framleis på, opp-ned på ei rist. Når kaka er avkjølt brukar du ein kniv langs kakeforma før du losnar den.

  6. Visp kremfløyte og sukker til luftig krem.

  7. Del kaka i tre med ein kniv, og legg toppen av sukkerbrødet opp-ned på eit kakefat. Dynk kakebotnen med saft og stryk syltetøy utover. Mine favorittar er aprikos eller bringebær. Stryk så utover eit lag med krem og legg den neste delen av sukkerbrødet på toppen.

  8. Gjenta prosessen; dynk, syltetøy, krem. Avslutt med botnen av sukkerbrødet på toppen, også dette opp-ned. Då får du finast form på kaka. Har du meir krem igjen kan du stryke dette rundt kaka.

  9. Klipp ut ei rund form med bakepapir, litt mindre enn kaka, og legg på toppen av den.

  10. Kjevle ut marsipanen til den er minst ti cm større enn kaka på alle sider. Bruk mjøl eller potetmjøl for at den ikkje skal vere så klissete.

  11. Legg marsipanlokket over kjevlet og rull det av kaka slik at det ligg midt på, med mykje ekstra rundt. Bruk begge henda og klapp og dra lokket frå toppen og nedover kantane. Brukar du litt tid og dreg og legg det til blir det eit marsipanlokk utan bobler og kantar.

  12. Bruk ein kniv for å skjære vekk overflødig marsipan, og fjern denne. Blir kanten rundt ikkje så fin som du skulle ønskje kan du sjå tipset i teksten over!

  13. Skjær eit kryss i marsipanen på toppen, og så endå eit kryss over dette, slik at det blir forma som 8 pizzastykker. Rull/brett marsipanen bakover og fjern bakepapiret som låg under. Fyll på med krem om du har restar igjen eller berre bær. La det bugne!

  14. Oppbevar kaka kjøleg fram til servering.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.