Vasskefir

Vasskefir er sprudlande drikke som du lagar heime på kjøkkenbenken din. Drikken er full av gode bakteriar for tarmen din, dei såkalla probiotiske bakteriane. Bakteriane er av den gode sorten og gjer at magen og fordøyelsen fungerar betre, og det er vel noko alle ønskjer? I staden for å kjøpe dyre kapslar med melkesyrebakteriar kan du heller introdusere probiotisk mat i kosthaldet ditt og få ein takknemleg mage. Vasskefir er glimrande å starte med, sidan den er mild på smak og lagar seg sjølv.

vasskefir med bringebær

Korleis lage vasskefir

For å lage vasskefir treng du vasskefirkorn. Eg bestilte mine i si tid her i frå, men kjenner du nokon som lagar vasskefir kan du be fint om å få nokre korn av dei. Kefirkorna formeirar seg nemleg når dei trivst og blir brukte, og då får ein ofte meir korn enn ein klarer å nytte seg av.

I tillegg til kefirkorn treng du vatn, sukker og noko tørka frukt. Vatnet bør vere kaldt/lunka og sukkeret kan du gjerne variere i type. Sukker som er minst mogleg raffinert er det beste, det har mest næringstoff i seg. Eg vekslar mellom å bruke kokosblomstsukker og rårørsukker i min vasskefir. Økologisk rosiner/dadlar/aprikosar er fint som tørka frukt og så gjerne ei skive sitron i slik at kefirkorna trivst best mogleg.

Etter at du har blanda dette saman i eit stort glas let du det stå på kjøkkenbenken i 1-2 dagar og godgjere seg. Du vil då sjå at det dannar seg bobler og at rosinene dansar opp og ned i glaset. Vasskefir er ein herleg levande drikk.

Etter 1-2 dagar kan du velje å drikke vasskefiren som den er, eller du kan setje smak på den. Då legg du noko med smak opp i flaska som du har helt den ferdige vasskefiren over i, og let dette gi smak og farge på drikken. Legg du blåbær (frå skogen) opp i flaska får du ein mørk blå-raud drikk, medan bringebær gir roséfarge. Under her finn du nokre av mine favorittsmakar, og heilt nederst finn du detaljert oppskrift.

vannkefir for dummiesvann kefirhvordan lage vannkefir

Mine favorittsmakar på vasskefir:

  1. Bringebær
  2. Blåbær
  3. Ingefær
  4. Sitron

Kor mykje vasskefir kan eg drikke?

Når du skal starte å drikke vasskefir bør du byrje berre med eit lite (shot)glas første dagane. Magen din må få tid til å venne seg til denne drikken før du drikk den i større mengder. Mange brukar den som ein tørstedrikk, men her må du kjenne etter sjølv. Vi er alle ulike. Eg drikk som regel 1-2 glas per dag, men gjerne ein dag utan innimellom. Alt med måte er jo ein god regel synest eg.

Kva gjer du når du skal reise vekk?

Det er ikkje alltid det høver å lage vasskefir og då kan ein legge kefirkorna i dvale. Det gjer du enkel ved å blande sukker og vatn med kefirkorna og setje glaset i kjøleskapet. Då har korna næring og går i dvalemodus pga den låge temperaturen. Mine korn har faktisk vore i dvale eit halvt år(!) og så kome tilbake i form igjen etterpå.

Når du er klar for å bruke dei igjen er det berre å gjere som før, men ha litt tålmod med dei første dagane. Er korna blitt slimete treng dei meir næring eller mineralar. Eit triks eg har lest er å tilsetje eit eggeskal eller to under brygginga, det har vist seg å funke bra.

vasskefir vasskefir vasskefir med bringebær

Om du vil lese meir om vasskefir finnast det mange sider med utfyllande informasjon, mellom anna denne. I tillegg har Gry Hammer gitt ut ei bok som heiter Fermentering som kan anbefalast. Då håper eg du fekk lyst til å lage vasskefir du og. Lukke til!

 

 

Oppskrift på Vasskefir

1-2 porsjon / Tid: 10 min + 2 dagar

  • 1 liter vatn
  • 2 ss vasskefirkorn
  • 3-4 ss sukker
  • 1 neve økologiske rosiner
  • 1 skive økologisk sitron
  • evt bær
  1. Bland saman vatn og sukker i eit noregsglas eller liknande. Rør til alt er oppløyst, helst med ei noko laga av tre eller plast, ikkje metall.

  2. Ha i kefirkorna, rosiner og sitronskive.

  3. Fest på lokket, då blir vasskefiren meir sprudlande, eller la den stå med berre eit klede eller eit kjøkkenpapir over. La glaset stå på kjøkkenbenken eller i glaskarmen, men ikkje i direkte sol.

  4. Etter 24-48 timar er vasskefiren klar. Dess lenger du let den stå dess meir av sukkeret et korna opp. Vil du ha ein søt drikk tek du den etter 24 timar. Eg ventar stort sett alltid 48 timar.

  5. Hell vasskefiren gjennom ei sil (helst av plast) og kast sitronskiva og rosinene.

  6. Skyl kefirkorna i lunka vatn og bruk dei til å lage ein ny batch med vasskefir. Eg skyl mine kefirkorn omlag annakvar gong.

  7. Hell den ferdige vasskefiren over på glasflasker og oppbevar i kjøleskap eller etterfermenter for å få meir smak og farge på (sjå neste punkt).

  8. For å etterfermentere: ha ein neve bær eller nokre skiver ingefær i flaska, skrur igjen toppa og la den stå på benken i 1-2 dagar til. Sjå tips over for ulike smakar. (NB! Les over om mengde første gongen). Oppbevar ferdig vasskefir i kjøleskap.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.