Sponsa

Helios-favoritt: kokosolje

Kokosolje har dei siste åra blitt meir og meir populært, både i matlaging og som hud- og kroppspleie. Oljen hadde tidlegare eit noko rufsete rykte som «farleg metta feitt» men har no blitt teken inn i varmen av mange. Kokosolje skal ha betennelsedempande effekt og blir forbrent mykje lettare enn anna feitt i kroppen. Om du gjer eit enkelt søk på nettet er det ikkje måte på kva du kan bruke denne oljen til. Og eg er ein av dei som har trua på kokosolje.

Helios favoritt: kokosolje
Det er sjølvsagt ikkje eitt feitt kva for ein versjon av kokosolje du nyttar, du må leite fram den som er kaldpressa og uraffinert (ekstra jomfru) slik som Helios sin er. Som del i eit ellers sunt og godt kosthald er det mange som meiner at den gylne regelen er å få i seg 1 ss kokosolje kvar dag. Her får du difor mine favoritt bruksområder for denne Helios-favoritten.

Helios favoritt: kokosolje

Helios-favoritt: kokosolje

  1. Utrørt i ein varm kopp te (nokre likar det i kaffi også!).
  2. I smoothie.
  3. Som håndkrem/fotkrem.
  4. Som badeolje.
  5. Som hårkur til tørre tuppar.
  6. For å poppe popcorn med.
  7. I energikuler.

I tillegg finn du kokosolje i mellom anna desse oppskriftene på bloggen:

Det finnast mange fleire brukområder enn dette, sjå berre desse døma her:

Berit Nordstrand er ei av dei som forklarar på norsk om du vil ha litt meir bakgrunnsstoff for bruk av kokosolje, det same gjer Fedon Lindberg. Og så finnast det side opp og side ned på engelsk om du heller vil gjere eit søk sjølv.

Brukar du kokosolje? Gi meg eit vink om gode bruksområder anten på Facebook, Instagram eller Snapchat då vel!

NB. Dette er mine erfaringar og meiningar, og eg minner om at eg ikkje er utdanna verken lege eller kosthaldsrettleiar. Dette er å sjå på som tips og råd frå meg, men det er opp til deg å finne ut kva som er rett for deg og dine.

Bruk rabattkode: soma20 og få 20% rabatt når du handlar for over 799,-!

stjerne Dette blogginnlegget er skrive i samarbeid med Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.