Italiensk påskebrød

Etter å ha sett eit heilt Pinterest-brett fullt av Italiensk påskebrød måtte vi prøve å lage det her heime også. Kan du tenkje deg noko finare å dekke på med til påskefrukosten? Skal du stå opp først på hytta må jo dette vere gull å dra fram kaldheva frå kjøleskapet og diske opp med. Då kan gjestane stå opp til nybakt brød og nykokt egg i samme slengen. Og ein fantastisk fint dekka påskebord.

italienske påskebrød Du kan sjølvsagt nytte den deiga du sjølv vil for å lage dette påskebrødet. Vil du servere grovt brød kan du bruke denne deiga for grove rundstykker eller meir som loff kan du bruke denne oppskrifta. Etter å ha lest og klikka rundt på ulike oppskrifter, spesielt amerikanske matbloggar, konkluderte eg med at det mest vanlege var å bruke ei søt deig. Dermed blei den gode bolledeiga brukt som base, men med litt mindre mengde sukker. Likevel søt og god – med smak av kardemomme.

påske frokost
Når du bakar brødet med egg i midten treng du ikkje koke egget på førehand. Egget er perfekt med litt blaut plomme når brødet er ferdig. Men er du av dei som vil ha hardkokt egg kan du koke det i 2-3 minutt før du steiker brødet. Og let du brødet ligge ei stund før det skal etast vil sjølvsagt egget bli hardare i konsistens. Prøv deg fram så ser du.

italienske påskebrød
I dei fleste oppskriftene eg kom over malte dei egga i fargerike fargar før dei steikte det i omnen. Med oss blei det egg i sin naturlege farge, men det blei jo nesten endå lekrare slik. Eller kanskje du har lyst å male dine?;)

italiensk påskebrød

Oppskrift på Italiensk påskebrød

ca 10 stk porsjonar / Tid: 1 t +heving

Bolledeig

  • 500 g kveitemjøl
  • 3 dl H-mjølk
  • 50 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 ts tørrgjær
  • 75 g smør
  • 1 egg

Tilbehør

  • 1 egg per person
  • Valmuefrø
  1. Varm opp mjølka til den er fingervarm og ha den i ein eltebolle. Ha i mjøl, sukker, salt, kardemomme, egg og tørrgjær. (Om du vil heve på vanleg måte brukar du ein halv pakke tørrgjær og let heve på benken til dobbel storleik).

  2. Elt godt saman til du har ei jamn deig.

  3. TIlset romtemperert smør delt i terningar og elt vidare til alt er godt blanda inn i deiga. Dekk til bakebollen og set den i kjøleskap for heving over natta.

  4. Neste dag set du omnen på 200 grader over- og undervarme og gjer klar eit steikebrett med bakepapir.

  5. Del deiga i omtrent ti emner som du trillar til ei pølse. Tvinn saman og legg som ein rund krans. Legg eit egg i midten og la etterheve under eit klede i 15-20 minutt. (Dei emna du får ekstra kan du trille til vanlege bollar og steike utan egg i midten.)

  6. Pensle kransen med vatn og strø over valmuefrø.

  7. Steik påskebrøda midt i omnen i ca 12 minutt, til dei er gylne over og under. Avkjøl litt på rist før servering.

  8. Dekk påskebordet fint og legg ein krans på kvar tallerken. God påskefrukost!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.