Påskefrukost

Påskefrukost høyrer med denne høgtida, gjerne av den lange typen. Og så er det jo desse egga som skal serverast, etast og pyntast med. Eg fall pladask for måten Marthe hadde pynta sitt frukostbord på, og måtte prøve å gjenskape det same her heime. Det enkle er ofte det beste, og desse påskekaninene her er noko av det mest sjarmerande eg har sett. Lagar du ansikt på slik Marthe har gjort blir dei om mogleg endå skjønnare enn den heilt enkele versjonen som eg har gått for.

Påskefrukost

påskefrukost  påskefrukost påskefrukostPinterest har som tidlegare nemt blitt oppdaga på ny av meg dei siste vekene, og eg finn så mykje inspirasjon der! Klikk her om du vil sjå alle matbileta eg har samla eller så kan du finne pinterestbrettet med flust av påskeidéar her. Du kan finne eit eige brett med gode frukostar som skal bli ei større og større samlinga av mat ein får lyst på ein tidleg eller sein morgon. Du må gjerne følge!

påske frokostpåskefrokost

påske frokostHåper du likte eit lite sånn inspirasjonsinnlegg og at du finn mange gode idéar i dei ulike lenkjene og i bileta.
Følg med i morgon, då kjem det oppskrift på endå ein fin måte å servére påskeegga på! Nemleg Italienske påskebrød:

italienske påskebrød

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.