Reklame

Energikuler med kokos

Energikuler med kokos er himla enkle å lage, og så nydelege på smak. Om eg har lyst på noko godt ein føremiddag, ettermiddag eller kveld er dette ein favoritt å kjøre saman i matmølla. Fiks ferdig snack på ti minutt, og så kan eg glede meg til å ha noko godt liggande i kjøleskapet i mange dagar framover.

Energikuler med kokos

energikuler med kokos  Energikuler med base av dadlar kan du også lage med nøtter eller mandlar, eller kva med å blande inn litt chiafrø? Smart måte å få i seg litt ekstra godsaker på, samtidig som det smakar skikkeleg digg. Om du knuser pistasjenøtter til fine bitar kan du rulle kulene i dette i staden for kokos, så har du plutseleg grøne kuler også. Eller kanskje vil du lage ei blanding av ulike fargar i boksen din? Frysetørka bringebær (om du kjem over det på ein fin butikk) er nydeleg utanpå!

kokoskuler
I oppskrifta finn du eit lite tips til kva du kan gjere dersom dadlane dine har blitt inntørka og harde. Då er det nemleg ikkje like lett å knuse dei og få ei jamn masse. Tipset er enkelt i seg sjølv: legg dadlane i bløyt i lunka/varmt vatn ei stund før du skal lage energikulene! Synest du ikkje smaken av dadlane er søt nok kan du tilsetje anna søting i tillegg. Du kan til dømes bruke litt kokosblomstsukker, stevia eller honning for god smak. Men for min del held det med dadlar, sjokoladesmak og kokosolje. Yum!

 

 

Oppskrift på Energikuler med kokos

10-15 kuler porsjonar / Tid: 10 min

  • ca 15 Helios økologiske dadlar
  • 2 ss kakao
  • 1 ss Helios økologisk kokosolje
  • 1 klype salt
  • ca 1 dl riven kokos
  1. Kjenn på dadlane. Er dei veldig harde kan du godt leggje dei i lunka/varmt vatn i eit kvarter før du startar. Er dei mjuke, eller du har gode knivar i matmølla (foodprosessoren) din, kan du hoppe over dette steget.

  2. Ha dadlar (utan stein sjølvsagt), kakao, kokosolje og salt i ei matmølle og kjør til du har ei jamn masse.

  3. For runde kuler og trill dei i riven kokos.

  4. Oppbevarast i tett boks i kjøleskapet, og er perfekte å ha med på tur!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.