Oreokake

Oreokake hadde si storheitstid for nokre år sidan. Då sto den på kvart eit kakebord vi kom til, og alle ville smake denne søte og mektige kaka. Så roa det seg liksom her ei stund, og vi gjekk tilbake til pavlova og andre favorittar før kidsa plutseleg har etterlyst denne på kakebordet. Seksåringen her i huset var ikkje i tvil kva kake han skulle ha på bursdagen sin. No var tida over for langpannekake og sjørøverskute. Han skulle ha Oreokake!

oreokake oreo kake oreo kake hvordan lage oreokake glutenfri oreokake oreokake med bringebær
Som sagt så gjort, ein slik viktig bursdag må sjølvsagt markerast akkurat slik bursdagsbarnet ønskjer. Å bli seks å betyr jo at skulestart er innan rekkevidde! Det er nesten på høgde med å bli atten år. Eit viktig skilje i før og etter skulestart.

verdens beste oreokakeBursdagsbarnet fekk Oreokaka si, sjølv om han helst skulle sett at mora ikkje pynta med bringebær på toppen. Her er vi slett ikkje enige, mor i huset meiner nemleg at bringebær gir det lille ekstra til kaka. Kaka er særdeles mektig, men blir med eitt mykje friskare om du får eit bringebær på toppen. Sjokolade og bringebær er nydeleg i lag! Berre prøv, så er eg sikker på at du hamnar på mi side i denne diskusjonen;)

oreokake
oreo kake

Oppskrift på Oreokake

1 kake (18-22 cm) porsjon / Tid: 2 t

Botn

  • 300 g Oreokjeks
  • 75 g smør

Ostekrem

  • 200 g kremost naturell
  • 100 g melis
  • 1 liten skvis sitron
  • 2 dl kremfløyte
  • 75 g oreokjeks

Sjokolademousse

  • 200 g mørk kokesjokolade
  • 4 egg
  • 2 dl kremfløyte
  • 1 ts vaniljesukker

Krem

  • 2 dl kremfløyte
  • 1 ss sukker
  • 75 g oreokjeks
  • 10-15 bringebær
  1. Botnen: Knus kjeks, gjerne i ei kjøkkenmaskin, og bland med smelta smør. Trykk ut i ei rund kakeform som er plassert på eit kakefat. Dess mindre kakeform dess høgare kake. Den på biletet er 18 cm. Sett i kjøleskap medan du lagar ostekremen.

  2. Ostekrem: Ha kremost og melis i ein bolle og visp saman til det er ei jamn blanding. Ha i kremfløyta medan vispen går og visp vidare til du har ein tjukk ostekrem. Vend inn sitronsaft. Stryk ostekremen over kjeksbotnen og strø over hakka Oreokjeks. Set i kjøleskap medan du lagar sjokolademoussen.

  3. Sjokolademousse: Smelt sjokolade over vassbad og trekk så til side for å avkjøle litt. Skil egga og visp eggekvitene stive. Set eggekvitene til side og visp så fløyte og vaniljesukker til luftig krem. Rør eggeplommane inn i den flytande (men litt avkjølte) sjokoladen. Bland saman sjokolade og krem. Vend tilslutt inn stivpiska eggekviter. Ha sjokolademoussen over ostekremen og set kaka tilbake i kjøleskap i minst 2 timar.

  4. Når kaka har stivna skikkeleg (gjerne over natta) losnar du kakeringen ved å skjære langs kanten med ein kniv.

  5. Krem: Visp fløyte og sukker til krem og ha på toppen av kaka. Pynt med hakka Oreokjeks og bringebær. Velbekomme!

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.