Vekemeny 13

Vekemeny 13 er klar med gode, enkle rettar som alle skal kunne klare å lage -uansett mengdetrening på kjøkkenet. Mitt største tips av alle når det gjeld å få skikkeleg mat på bordet i kvardagen er å lage store porsjonar. Då kan du oppbevare restane i kjøleskap eller frysar til dei dagane du ikkje har tid eller ork til å stå på kjøkkenet meir enn høgst nødvendig. Dei dagane kjem nemler for ein matbloggar også!

Har du eit super-tips for å få kvardagskabalen til å gå opp? Eller ein middagsrett du kan til fingerspissane og alltid tyr til når du har ein slik dag? Del gjerne med meg på til dømes Facebook! Det er framleis kjempestas å få tips og triks frå dykk fine kvardagsmat-lesarar.

Ha ei fin veke! Så kjem neste vekemeny om ei veke -og då er vi allereie i April! Hurra for våren!

 

Mandag

halloumi i pitabrød

Halloumipita

Halloumipita er ein fin vegetarrett som er rask å snekre saman og smakar godt. Halloumi har ikkje vore så lett å få tak i her i distriktet, men no finn… Fortsett å les »

Tysdag

wok

Spicy svinewok

Wok er verkeleg kvardagsmat. Raskt, enkelt og godt. Og så bøttevis med grønsaker innkludert! Det kan vel alle like? I denne versjonen har eg brukt svinefilet, som er skjært i… Fortsett å les »

Onsdag

Heimelaga potetsalat

  Til ei middels stor skål treng du: 10-12 poteter 1 beger rømme 1 pk majones 2-3 vårløk 3-4 skiver sylteagurk litt sitronsaft salt og peppar 3-4 ss cultura (el… Fortsett å les »

Torsdag

Shepherd´s pie

I fjor ein gong hengde Rema 1000 opp store flagg med bilete av Shepherd´s Pie og Erling Sundal, og det dukka opp variantar av denne middagsretten på nær alle matbloggar…. Fortsett å les »

Fredag

krema kylling med spaghetti

Krema kylling og spagetti

Krema kylling og spagetti med både bacon og ruccola i seg er gode smakar som gir ein digg rett. Enkelt, raskt og skikkeleg kosemat som gjerne kan serverast ein kveld… Fortsett å les »

Laurdag

torsk spekeskinke

Torsk med spekeskinke og jordskokkpure

Dette blei ein stor favoritt her i heimen -og har allereie hatt reprise fleire gongar, før den i det heile har kome på bloggen! Eg må nesten dele æra med kassadama… Fortsett å les »

Søndag

rekesuppe

Rekesuppe

Rekesuppe er absolutt best med reker som du reinskar sjølv, og det gjer du lett medan grønsakene kokar seg møre. Med god buljong i botnen får du gode smakar, som… Fortsett å les »

Noko godt

tilslørte bondepiker

Tilslørte bondepiker

Hausten er her, og det betyr eplesesong! Bruk epla medan dei er norske og ferske, som her i denne enkle men populære desserten. Tilslørte bondepiker er genial dessert å servere… Fortsett å les »

Vekas brødmat

langpannebrød

Langpannebrød med rug og havre

Langpannebrød er supert å ha i matpakken, og krev lite innsats. Du trykker brøddeiga utover i ei langpanne, ruter opp og steiker. Så er det berre å bryte opp til… Fortsett å les »

Vekas kake

gulrotkake

Gulrotkake utan mjøl

Gulrotkake er saftig og god kake, som slett ikkje treng innehalde mjøl for å smake godt. Dette er ein versjon med mandlar i staden for mjøl, slik at kaka blir… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.