Reklame

Kokoskake med pistasjenøtter

Kokoskake med pistasjenøtter er både nydeleg på smak og enkel å lage. Kaka inneheld både kokosblomstsukker som er mykje meir næringsrikt enn vanleg sukker, og kokosolje som er noko av den beste du kan gi innsida av kroppen din. Men det er ikkje desse to som spelar hovudrolla i kaka likevel. Desse to er liksom berre bonussporet. Det er kokosflak (eller kokosmasse om du ikkje finn kokosflak just med det same) som gir denne kaka nydeleg struktur og smak av kokos.

sjokoladekake kokosblomstsukker
På toppen av herlegheita er det silkemjuk sjokoladekrem laga av kremfløyte og mørk sjokolade. Men her kan du få lov å bruke firkløver eller lys sjokolade om du heller vil det. Eller kanskje må du til med kaka fleire gongar? Då kan du jo fint variere med ulik sjokolade på toppen!

kokoskake med pistasjenøtterkokoskake med pistasjenøtter

Skal du servere kaka til nokon som er allergisk mot nøtter hoppar du sjølvsagt berre over denne ingrediensa. Men om du ikkje treng å ta omsyn til noko sånt så få det med. Det er verkeleg prikken over i’en. Så, kva venta du på? Det er berre å røre saman kakerøra og få den i omnen fortast råd;)

sjokoladekake kokos
kokoskake med pistasjenøtter

Oppskrift på Kokoskake med pistasjenøtter

6-8 porsjonar / Tid: 1 t

Kokoskake

  • 100 g Helios kokosflak (eller kokosmasse)
  • 70 g Helios kokosblomstsukker
  • 2 ss honning
  • 2 ss kakao
  • 2 ss Helios kokosolje
  • 2 ss kveitemjøl (eller glutenfritt)
  • 3 egg

Sjokoladekrem

  • 150 g mørk sjokolade
  • 1 dl kremfløyte
  • 1 klype salt
  • 2 ss pistasjenøtter
  1. Set steikeomnen på 175 grader over- og undervarme.

  2. Rør saman alt til kokoskaka og hell over i ei bakepapirkledd form på ca 10 x 35 cm (eller ei rund 22 cm form).

  3. Steik kaka midt i omnen i 20 minutt, avkjøl.

  4. Varm opp kremfløyta til kokepunktet og trekk kasserolla vekk frå varmen.

  5. Finhakk sjokoladen og ha den i den varme kremfløyta. Rør til rundt til du har ei jamn masse. Ha i ei klype salt.

  6. Avkjøl sjokoladekremen til den tjuknar, og stryk den så utover kaka.

  7. Grovhakk pistasjenøttene og strø dei på toppen av kaka. Velbekomme!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.