Vekemeny 12

Ny søndag og ny vekemeny! Håper du finn noko som fristar å bake, koke eller steike. Og at du gir ein lyd om du finn noko som fell i smak eller har ein ide til noko nytt. Det er så kjekt å høyre frå dykk fine lesarar av kvardagsmat. Tusen takk for alle snaps, meldingar og kommentarar!

Denne veka har eg re-oppdaga pinterest. Er du brukar der? Eg har vore ein såkalla sovande brukar av den sida, men no fekk eg plutseleg ny giv og fann mykje inspo til kva som kan setjast på bodet.

Eg har pinna så mange fine matfoto og matrettar som eg har lyst å lage, og deler sjølvsagt med deg! Klikk her og følg gjerne:) Har du ei tavle eg bør oppdage (gjerne norsk/skandinavisk), så vil eg høyre frå deg.

 

Mandag

lasagne med fetaost

Vegetarlasagne med omnsbakte rotgrønsaker og fetaost

Denne vegetarlasagnen har eg hatt i bakhovudet lenge, og den passar perfekt å lage no når det er så mykje gode rotgrønsaker i sesong! Omnsbakte rotgrønsaker er så søtt og… Fortsett å les »

Tysdag

krema pasta med røykalaks og fennikel

Krema pasta med røykalaks og fennikel

Denne retten er laga i ei fei, og smakar veldig godt! Oppskrifta er innspirert av ein rett med same namn i Ole Martin Alfsen si nye bok «Hverdagsmat», men er… Fortsett å les »

Onsdag

Tomatsuppe med squash

Etter ei lang juleveke ligg det som regel igjen noko i kjøleskapet som ein ikkje rakk å bruke likevel. Litt løk, litt vatn med buljong/kraft og dei grønnsakene du har… Fortsett å les »

Torsdag

sushi

Sashimi med vårløk og spicy saus

Sashimi er tynne skiver av rå fisk med smakfull saus til. Dette er verkeleg ein av dei rettane som tek null tid å lage og smakar skikkeleg digg. Perfekt når… Fortsett å les »

Fredag

tacograteng

Tacograteng

Tacograteng er fylt med steikt løk, kjøttdeig, mais, hakka tomat og tacokrydder. Toppa med smelta ost og gratinert i omnen er den perfekt å setje på bordet saman med nachos… Fortsett å les »

Laurdag

Thai kyllingsuppe med kokosmjølk

Ei av dei mest kjende suppene frå Thailand, men det kan vere vanskeleg å finne råvarene i ein gjennomsnittleg butikk i Norge. Difor får du her ein norsk versjon, med… Fortsett å les »

Søndag

THaisalat

Thaisalat med biff og mango

På ein fjelltur tidlegare i sommar fortalde ei venninne meg om deira siste favoritt på kjøkkenet, nemleg Thaisalat med biff. «Biff?!» tenkte eg, men då ho hadde skildra ferdig måtte… Fortsett å les »

Noko godt

surmjølkskjeks

Surmelkskjeks

Surmelkskjeks er deilig mjuke og tjukke kjeks som kan nytast varme rett frå omnen eller leggast i kakeboksen for seinare høve. Kjeksa held seg nemleg fint i ei tett boks… Fortsett å les »

Vekas brødmat

mors knekkebrød

Mors knekkebrød

Desse knekkebrøda er det mi mor som står bak, og nesten kvar veke i heile vår har ho komt på døra med ei boks nybakte knekkebrød til eldste døtra som… Fortsett å les »

Vekas kake

Prinsessekake

Prinsessekake

Trudde du at Prinsessekake var ei kake med ei prinsesse/barbie i midten og marsipankaka som skjørt rundt? Her får du den andre Prinsessekaka; kanelsnurrar med vaniljekrem i ei kakeform. Nydeleg!… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.