Reklame

Matpakke­rundstykker med loppefrø

Matpakkerundstykker med loppefrø er glutenfrie rundstykker som smakar godt og gjer godt for magen. Loppefrø har vore kjent som vidundermiddel mot mage og tarmsystem i lange tider, og er enkelt å tilsetje i brødmat. Loppefrøa svell opp i kontakt med veske og blir som ein gele som bind saman deiga. Glad mage gir jo glad kropp, så her er det berre å setje deiga med det samme.

matpakkebrød glutenfri
Når du lagar denne deiga bør du vere obs på at den blir ganske flytande før heving, og det skal den vere. Etter heving er den fastare, men likevel ikkje slik ei vanleg gjærdeig er. Du skal ikkje elte deiga noko med hendene, men heller bruke ein slikkepott. Ved hjelp av ei isskei eller to spiseskeier lagar du enkelt rundstykker på bakebrettet, og så er det berre å steike på vanleg måte.

matpakkerundstykker med loppefrø matpakkerundstykker med loppefrø
I oppskrifta har eg tilsett 1 ts kardemomme, berre fordi det smakar og luktar så himla godt med dette krydderet i bakst. Om du ikkje er like glad i dette som meg kan du sløyfe det, eller bytte det ut med til anis. Det er også nydelg godt!

nydelige glutenfri rundstykker
glutenfri matpakkerundstykker

Oppskrift på Matpakke­rundstykker med loppefrø

10 porsjonar / Tid: 3 t

  • 5 dl H-mjølk
  • 1 ss Helios loppefrø
  • 1 ss psyllium husk/fiberhusk/loppefrøskall
  • 100 g Helios store havregryn
  • 100 g bokhvetemel
  • 50 g jyttemel
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 ss honning
  • 1 ts kardemomme
  1. Bland saman alt i ein bolle, til du har ei jamn litt flytande deig. Dekk til bakebollen og la heve i 2 timar.

  2. Set steikeomnen på 250 grader over- og undervarme og gjer klar eit steikebrett.

  3. Vend saman deiga nokre gongar med ein slikkepott og bruk to spiseskeier eller ei isskei for å lage 10 rundstykker på det bakepapirkledde steikebrettet. Strø litt mjøl over til pynt.

  4. Set brettet midt i omnen, skru ned temperaturen til 230 grader og steik i 20 minutt.

  5. Avkjøl rundstykka på rist før du nyt dei med godt pålegg. Rundstykka kan frysast.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.