Vekemeny 11

Vekemeny 11 kjem susande her, og det vil jo seie at veke 11 også kjem susande. Desse dagane mellom kvar vekemeny går så kjapt! Det er herleg hektisk med kvardag og aktivitetar innimellom kvardagsmaten som skal lagast, delast og etast.

Her på Sunnmøre er det slik at så snart sola skin så slepp vi alt vi har i hendene og går ut for å nyte. Og den siste tida har det glimta til med fine stunder ganske ofte. Eller kanskje er det berre at dagslyset endeleg er her i lengre perioder igjen? Uansett om det er det eine eller andre gir det i allefall lyst til å vere ute, og vi gler oss endå meir til våren er her for fullt.

Dei mest ihuga fiskarane har rapportert at skreien endeleg er å finne i våre farvatn her på nordvestlandet, så du skal ikkje sjå vekk i frå at det kjem fleire fiskeoppskrifter i næraste framtid.  Har du ei knakande god oppskrift liggande, eller ein favorittrett som du gjerne vil dele må du gjerne sende meg ei melding på facebook eller på e-post. Gode oppskrifter frå dykk lesarar er alltid høgt verdsett!

anita@kvardagsmat.no

Ha ei fin veke!

Mandag

pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Pestoen frå Helios er god på smak og knallfin i fargen. Grønt er godt!… Fortsett å les »

Tysdag

pølse makaroni grateng

Pølse- og makaronigrateng

Pølse- og makaronigrateng hugsar eg godt frå skulekjøkken. Skikkeleg «comfort food» av typen som du kan ete berre med ei hand. Dette brukar jo å vere ein sikker vinnar blant… Fortsett å les »

Onsdag

blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »

Torsdag

hjemmelagde fiskepinner med corn flakes

Heimelaga fiskepinnar

Fiskepinnar er enkelt og raskt å lage sjølv, og smakar så mykje bedre enn dei du finn i fryseboksen på butikken. Dette er mat som er stas å lage saman… Fortsett å les »

Fredag

enchilladas

Enchiladas med bønner

Helios-samarbeid Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med gratinert ost… Fortsett å les »

Laurdag

spanske kjøttboller

Albondigas – Spanske kjøttbollar

Albondigas, albondigas, albondigas! Ein fast rett på alle tapasbord, og det med rette. Kjøttdeig som er krydra og kokt i deilig kraft gir saftige og smakfulle små bollar som er… Fortsett å les »

Søndag

hamburger med kefirblåmuggdressing

Hamburger med blåmuggdressing

Hamburger med blåmuggdressing i samarbeid med Kefir /annonse/ Hamburger med blåmuggdressing er ein ny variant av den deilige heimelaga hamburgeren. Denne gongen toppa med krema kefir-blåmuggdressing som gir ein salt… Fortsett å les »

Noko godt

salte mandlar

Salte mandlar

Salte mandlar altså. Vi er heilt hekta heile gjengen her! Mamma kom heim frå hytta og fortalde om omssteikte sprø mandlar med salt på, som ho hadde laga så lett… Fortsett å les »

Vekas brødmat

brød

Grovt langpannebrød

Langpannebrødet med rug og havre blei fort ein favoritt her på bloggen, og spørsmåla om ein grovare variant kom både på facebook, instagram og snapchat. Det måtte sjølvsagt la seg… Fortsett å les »

Vekas kake

clafoutis med moreller

Clafoutis med kirsebær

Clafoutis med kirsebær er ein populær fransk dessert med deilige bær steikt samman med ei søt pannekakerøre. Retten kan faktisk serverast både til lunsj og kvelds, sjølv om eg kanskje… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.