Suksessterte i langpanne

Suksessterte i langpanne er ein fin måte å få laga ekstra mykje av denne gode kaka. Som namnet tilseier er denne kaka ein suksess å servere, og ofte den som forsvinn først på kakebordet. I tillegg er kaka fin å lage ein dag eller to før den skal serverast, og dermed perfekt for dei dagane du skal ta med kake i storselskap eller servere til mange.

mandelbunnDenne kaka er også fin å fryse om du vil lage kaka lenge før den skal i bruk. Eller kanskje vil du bake ei kake og ha på lur i fryseboksen til eit passeleg høve? Skal du ta med dugnadskake i langpanne er det ingenting i vegen for å lage noko anna enn den tradisjonelle sjokoladekake. Som bonus er denne kaka naturleg glutenfri, og kan dermed nytast av dei som må unngå det også.

gulekrem

For å få kremen på toppen lys og tjukk er det viktig å avkjøle eggeblandinga heilt før du rører inn smøret. Vil du ha litt mørkare og meir flytande krem, rører du forsiktig inn smøret før blandinga er heilt avkjølt. Korleis du vil ha kremen er opp til deg, her er smaken som baken; delt i to ja;)

suksessterte i langpanne
suksessterte i langpanne

Oppskrift på Suksessterte i langpanne

1 langpanne (ca 30 x 40 cm) porsjon / Tid: 2 t

Botn

  • 500 g mandlar
  • 500 g melis
  • 8 eggkviter

Gul krem

  • 8 eggeplommer
  • 2 dl kremfløyte
  • 150 g sukker
  • 2 ts vaniljesukker
  • 200 g smør
  • Riven mørk sjokolade på toppen
  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme.

  2. Mal mandlande og ha dei ei ein bolle. Vend inn melisen, slik at det er jamt blanda.

  3. Stivpisk eggekvitene, og vend dei inn i mandel- og melisblandinga.

  4. Fordel massen jamt utover ei bakepapirkledd langpanne. Steik midt i omnen i ca 30 min, til mandelbotnen er gyllen. Avkjøl.

  5. Lag gulekremen ved å røre saman eggeplommer, kremfløyte, sukker og vaniljesukker i ei gryte. Rør heile tida med ein visp samstundes som du varamar opp blandinga. Når massa nærmar seg kokepunktet vil den tjukne, og det er dette du vil som skal skje.

  6. Trekk gryta vekk i frå varmen og avkjøl kremen, gjerne ved å setje gryta i ein kum med kaldt vatn.

  7. Når kremen er heilt avkjølt har du den i ein miksebolle saman med romteperert smør og rør til alt er godt blanda, gjerne ved hjelp av ein miksar med K-spade.

  8. Stryk kremen over den avkjølte kakebotnen og riv over mørk sjokolade.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.