Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré er kvardagsmiddag med stor K. Fisk og grønsaker med digg topping av bacon og egg i smelta smør. Her er det næringsrik mat i alle ledd, i tillegg til at maten er fiks ferdig på under 30 minutt.

Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

På bileta ser du at eg har laga ein grov blomkålpuré, eller kanskje heller meir som ein blomkålmos, men her kan du lett bruke stavmiksar i staden og lage silkemjuk puré i staden. Det kjem heilt an på kor raskt middagen skal på bordet her i heimen og denne gongen måtte det skje på null komma niks;)

torsk med eggesmør

Har du kokte egg til overs frå frukosten er dette ein glimrande måte å få nytta dei på, berre legg dei i kjøleskapet og ha dei på lur til eggesmøret skal på bordet. Mindre matsvinn og ein ny rett av restemat! Har du frisk persille (eller timian) på kjøkkenbenken anbefalar eg på det varmaste å strø dette over, det gjer kvardagsmiddagen med stor bokstav endå betre!

Velbekomme!

torsk med bacon

 

Oppskrift på Steikt torsk med bacon, eggesmør og blomkålpuré

4 porsjonar / Tid: 30 min

Torsk

  • 400-600 g torsk
  • 1 ts salt
  • Frisk persille på toppen

Bacon og eggesmør

  • 100 g bacon
  • 2 hardkokte egg
  • 4-5 ss smør

Blomkålpuré

  • 1 blomkål
  • 1 ss smør
  • ca 1 dl mjølk
  • 1 klype muskat
  • salt og pepar
  1. Salte torsken og set den til side.

  2. Hardkok to egg om du ikkje allereie har to liggande i kjøleskapet.

  3. Del blomkålen i midre bukettar, stilken òg. Ha den i ei lita kasserolle og fyll på med vatn til alt er dekka. Kok opp og la småkoke til blomkålen er mør, ca 15 minutt.

  4. Del baconet i små bitar og steik det til det er sprøtt. Ta baconet til side, men la baconfettet vere igjen i panna slik at du kan steike torsken i dette fettet.

  5. Tørk av litt av saltet frå fiskestykka og steik dei i baconfettet til dei er gylne, før du snur og steike på andre sida. Om det er for lite fett har du i litt smør.

  6. Hell av kokevatnet frå blomkålen, mos den anten grovt ved hjelp av ein potetstappar eller heilt fint med ein stavmiksar. Spe med mjølk og krydre med muskat, salt og pepar.

  7. Del egga i små terningar, gjerne ved å bruke ein eggedelar og dele først på langs og så på tvers av egget.

  8. Ta fisken ut av panna og ha i bacon og smør. Når smøret har smelta har du i dei oppdelte egga.

  9. Servér blomkålpuré med steikt torsk og bacon og eggesmør på toppen. Strø over frisk kruspersille og nyt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.