Fastelavnsbolle med sjokoladekrem

Fastelavnsbolle med sjokoladekrem er kidsa sin favorittversjon av fastelavnsbollane. Ikkje så glade i syltetøy, men sjokolade går sjølvsagt ned på høgkant. Vi testa desse no i vinterferien, og var skjønt einige om at ein, eller kanskje berre nesten ein, var rikeleg til kvar. Dette er mektige saker! Akkurat slik det skal vere før faste.

fastelavnsbolle med sjokoladekremGjærbakst er alltid best om du har tid til å la deiga heve og godgjere seg, og aller best blir den om ein berre brukar halv mengde gjær synest eg. Då blir ikkje det slik gjærsmak av deiga, og baksten blir hakket betre. Difor finn du berre ein halv pose tørrgjær i oppskrifta under, sjølv om du sjølvsagt kan auke denne til heil pose om du har dårleg tid. Det er jo kremen i midten som kjem til å stele heile showet her uansett;)

Har du ikkje kakao i hus kan du smelte ei plate kokesjokolade over vassbad og røre den inn i kremen i staden. Eller vispe kvit krem og servere smelta sjokolade ved sidan av, eller aller helst på toppen av bollane. Leik deg litt med bollane som skal serverast då vel:) Og så tek eg gjerne i mot ein snap om du får til noko gøy!

Ha ein fin fastelavnssøndag!

sjokolade krem bolle

Oppskrift på Fastelavnsbolle med sjokoladekrem

24 bollar porsjonar / Tid: 3 t

Bollar

  • 900 g kveitemjøl + litt ekstra til baking
  • 5 dl H-mjølk
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 150 g smør

Sjokoladekrem

  • 3 dl kremfløyte
  • 2 ss bakekakao
  • 3 ss sukker
  • Litt mørk kokesjokolade og melis på toppen
  1. Varm mjølka til den er fingervarm, ha den i ein eltebolle. Ha i kveitemjøl, sukker, tørrgjær, kardemomme, salt og egg. Elt på middels fart i ca ti min.

  2. Ha i romtemperert smør delt i terningar og elt vidare i ti nye min, til du har ei jamn deig. Dekk til bakebollen, og la heve til dobbel storleik, 1-2 timar.

  3. Del deiga i 24 like store emner og trill runde bollar, bruk litt ekstra mjøl om deiga er klissete. Set bollane på bakepapirkledd steikebrett, dekk med eit reint kjøkkenhåndkle og la etterheve i ca 30 min.

  4. Steik bollane midt i omnen på 200 grader over- og undervarme til dei er gylne, ca 15 minutt. Avkjøl på rist.

  5. Ha kremfløyte, sukker og kakao i ein miksebolle og visp til tjukk krem.

  6. Del dei avkjølte bollane i to, stryk på eit lag med sjokoladekrem i midten og strø litt melis og mørk sjokolade på toppen. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.