Risbrød

Risbrød er glimrande å ha som noko godt til kaffien etter middag og er ein enklare versjon av risbollane vi lagar til jul. Utan muffinsformer og meir kliss med sjokoladen enn nødvendig. Dette er godt som du lagar på 10 minutt, og som held seg fint i kjøleskap i nokre veker.

risbrød
Inspirasjon til å røre saman dette fekk eg på Instagram, som eg så ofte får. Det var @gryskjokkenskriverier som laga noko ala dette, og då måtte eg berre ta med meg puffa ris neste gong eg var på butikken. Gry lagar forresten mykje anna godt, og eg kan varmt anbefale å følgje henne. Ja takk til meir matinspo!

hjemmelagde risbrød
For å lage risbrøda smeltar du sjokolade saman med litt kokosfeitt, vender inn puffa ris og har det over i ei form som er kledd med plastfolie. La det stivne i kjøleskap og del så opp i passe bitar. Brukar du mindre mengder av puffa ris blir det meir sjokolade mellom risen, brukar du meir puffa ris blir det mindre. Sjølvsagt. Men her kan du altså velje sjølv korleis du vil ha det.

hjemmelagde risbrød

Oppskrift på Risbrød

6-8 porsjonar / Tid: 15 min + avkjøling

  • 300 g mørk kokesjokolade
  • 50 g puffa ris
  • 3 ss kokosolje
  • 1 klype salt
  1. Smelt sjokolade og kokosolje over vassbad. Dette gjer du enkelt ved å koke opp ei lita kasserolle med vatn og så plassere ei skål over gryta. Pass på at skåla ikkje tek ned i vatnet, men at det er mellomrom der. Du kan la vatnet syde på lav-middels temperatur eller skru varmen heilt av, alt etter kor god tid du har.

  2. Ha i ei klype salt og bland inn puffa ris.

  3. Kle ei form på omlag 10 x 20 cm med plastfolie og hell blandinga over.

  4. Spre sjokoladerisen jamt utover og set forma i kjøleskap til det har stivna.

  5. Løft ut sjokoladerisplata og del opp i passe bitar.

  6. Oppbevar risbrøda i kjøleskap i tett/halvtett boks.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.