Pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Grønt er godt! Med sprøsteikt bacon og milde avokadobitar innimellom blir dette ein digg middag som står på bordet straks pastaen er ferdigkokt. Og det tek ikkje mange minutta!

pasta med pesta, bacon og soltørka tomat

Pasta med pesto, bacon og avokado

Vil du lage ein heilt vegetarversjon kuttar du berre ut baconet, men er det ikkje så nøye for deg så anbefalast det å ha det med. Sprøsteikt bacon er prikken over i’en på dei fleste rettar det er med i. Og denne retten er ikkje noko unntak.

pasta med pesto
Du kan nytte den pastaen du likar best, eller variere frå gong til gong. Denne gongen brukte vi tagliatelle, men både speltskruar, fullkorn fussilli og andre variantar smakar like godt. Det er opp til deg som står på kjøkkenet å bestemme!

Får du restar smakar dette godt i matboksen dagen etter, og kan fint etast i kald versjon. Kanskje med litt plommetomatar og fetaost i tillegg? Og gjerner ein neve ruccola. Det er ekstra godt i kald versjon.

 

 

Oppskrift på Pasta med pesto, bacon og avokado

4 porsjonar / Tid: 15-20 min

  • 300-400 g tagliatelle pasta
  • 1 glass grøn pesto
  • 1-2 avokado
  • 100 g bacon
  • 1 dl pinjekjerner
  • 2 ss olivenolje
  • Salt til kokevatnet
  • Riven parmesan på toppen
  • Frisk basilikum
  1. Kok opp ei stor kasserolle med vatn. Ha i 1 ts salt per liter vatn.

  2. Kok pastaen til den er al dente, les på pakningen for å finne ut kor lenge det tek med din type.

  3. Rist pinjekjernene i ei tørr steikepanne, slik at dei får litt farge.

  4. Steik baconet til det er sprøtt og set til side.

  5. Hell av kokevatnet på pastaen og rør inn olivenoljen.

  6. Vend inn pesto i pastaen og så baconet og avokadoen.

  7. Topp pastaen med pinjekjerner, basilikumblader og riven parmesan. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.