Grove rundstykker

Grove rundstykker er alltid populært å få servert til frukost eller å få ha med i matpakken. Ekstra godt er det å kunne dekkje kjøkkenbordet med godt pålegg og servere nysteikte rundstykker til kveldsmat. Kanskje med ein kopp kakao om mor verkeleg går inn for å skape godstemninga. Grove rundstykker utan korn og frø i går ned på høgkant hjå mine to håpefulle, men det gjeld vel kanskje ikkje berre mine to små. Bak rundstykker du også då vel!

grove rundstykker    grove rundstykker
For å få best mogleg brødbakst er det tida som er avgjerande. Men det betyr ikkje at du treng å stå å sjå på at rundstykka hever, den jobben gjer dei sjølve. Så lenge du hugsar å setje deiga ca 3 timar før du skal servere er det meste gjort. Dermed er denne deiga perfekt å elte saman medan du ventar på at middagen skal koke heilt ferdig, eller samstundes som du ryddar av bordet. Så er det berre å dekje til bakebollen og la den stå i fred på kjøkkenbenken medan ettermiddagsaktivitetane blir unnagjort og gle seg til god kveldsmat.

nydelige rundstykkerKanskje har du lyst å doble deiga når du først er i gong? Uansett kor mange rundstykke du får ekstra er desse supre å leggje i frysaren. La dei tine på benken og så få 2-3 minutt i steikeomnen før servering, eller set dei direkte inn i steikeomnen på frosen tilstand. Då treng dei 10-15 minutt på 180 grader varmluft før dei kan nytast. Har vi dårleg tid eller er ekstra utålmodige let eg dei stå i omnen i 5 minutt før eg tek dei ut og deler dei i to. Då er dei som regel akkurat tinte nok til at kniven går gjennom. Og så får dei 1 minutt til i omnen før dei går ned på høgkant.

Oppskrift på Grove rundstykker

16 stk porsjonar / Tid: 2-3 t

  • 6 dl H-mjølk
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1/2 dl olje
  • 2 dl grov sammalt kveite
  • 2 dl fin sammalt rug
  • 3 dl havregryn
  • 8 dl kveitemjøl + litt ekstra til baking
  1. Varm opp mjølka til den er fingervarm og ha den i bakebollen.

  2. Ha i resten av ingrediensane og elt på middels fart i 5-10 min til du har ei jamn deig.

  3. Dekk til bakebollen, gjerne ved å leggje ein tallerken over, og la heve til dobbel storleik. Dette tek 1-2 timar.

  4. Del deiga i 16 like store emner og trill rundstykker som du set på eit bakepapirkledd steikebrett.

  5. La etterheve under eit klede i 30 min.

  6. Pensle rundstykka med vatn og strø over litt grovmjøl som pynt.

  7. Steik rundstykka midt i omnen på 220 grader over- og undervarme i 10-15 min. Rundstykka er ferdige når dei er gylne under.

  8. Avkjøl rundstykka på rist og nyt med godt pålegg. Dei du får til overs kan gjerne frysast.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.