Vekemeny 7

Ny veke med rutiner og kvardag står for tur igjen. Eller kanskje skal du ha vinterferie? Her er det ei veke til før skuleferien går av stabelen, men dette er jo ulikt frå fylke til fylke. Vi håpar sjølvsagt på intents snøvêr fram mot den veka, slik at vi får stått på ski og kosa oss ute. Det må vel gå akkurat?

Uansett som du har fri eller skal til på ei ny kvardagsveke må det mat på bordet. Under finn du forslag til meny for heile veka, med noko godt og forslag til brødmat. Håper du finn noko du har lyst på, og at du deler på Instagram eller Snapchat om du lagar noko frå bloggen.

Ha ei fin veke!

Mandag

stekt ris

Kinesisk stekt ris

Kinesisk stekt ris, eller Chinese Fried Rice som høyres litt meir fancy ut, er skikkeleg digg kosemat. Risrestar frå dagen før blir plutseleg ein høydare, og det er ein enkel… Fortsett å les »

Tysdag

soyasmør

Steikt skrei med soyasmør og granateple

Steikt skrei med soyasmør og granateple er nydeleg god middag, og enkel å lage. Det vanskelegaste er å få ut frøa frå granateplet utan å dekorere alt rundt deg raudt…. Fortsett å les »

Onsdag

kyllingsuppe med fennikel, eple og sitrongras

Kyllingsuppe med fennikel, eple og sitrongras

Denne suppa fann eg inspirasjon til gjennom instagram og fine Anja bak Myntans Kitchen. Eg har laga min eigen versjon, med kylling og litt anna snacks som var i kjøleskapet,… Fortsett å les »

Torsdag

Laks med mangosalat

Laks og mango er ein vinnar i lag og smakar utruleg godt! Steik laksen medan du blandar saman salaten, og vips har du nydeleg middag klar. Her får du oppskrift… Fortsett å les »

Fredag

søtpotet pizza

Søtpotetpizza med kvit topping

Dette er ein av mine store favorittar og noko eg ofte lagar til meg sjølv når eg har lyst på litt betre lunsj eller er fysen på noko på kveldstid…. Fortsett å les »

Laurdag

«Lasagne» med squash (glutenfri)

I «Lasagne» med squash har eg brukt squash i staden for lasagneplater, og creme fraiche i staden for ostesaus. Dermed blir heile retten naturleg glutenfri, utan at det går utover smakane… Fortsett å les »

Søndag

sitron kylling

Heilsteikt kylling med sitronsmør og rotgrønsaker

Heilsteikt kylling er nydeleg men best av alt: superenkelt å lage! Det einaste den treng er litt tid i omnen, så her er det berre å klargjere fuglen og la… Fortsett å les »

Noko godt

«Ostekake» i glas

Legg merke til at det står hermeteikn i overskrifta her. Denne desserten inneheld nemleg ikkje ost, men kremfløyte med vaniljefrø og sitronsaft. Saman med knasande kjeks og friske bær er… Fortsett å les »

Vekas brødmat

quinoabrød

Eltefritt brød med quinoa

«Superfrøet» quinoa får du kjøpt i velassorterte butikkar eller på helsekost og er eit svært godt alternativ å servere til middagen i staden for ris sidan det inneheld mykje protein,… Fortsett å les »

Vekas kake

chocolate nemesis

Chocolate Nemesis

Denne kaka stammar frå The River Café i London og skal vere legendarisk. Eg las først om den i den finfine bakeboka «Slikkepott» signert Lise Finckenhagen, og valde å halde… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.