Speltbrød med rug

Speltbrød med rug er smakfullt og god kvardagsbrød for heile familien. Utan korn og frø, men med god smak av rug. Spelt har jo rykte på seg for å vere mildare for magen enn kveitemjøl, og det kan jo vere kjekt for både små og store. Speltmjølet krev også mindre elting enn kveitemjølet, og difor kan du berre røre deiga raskt saman i staden for å la den elte i maskin. Eit fint brød å røre saman medan middagen får siste minutta med koking med andre ord. Så er det berre å la det heve og steike heilt i fred medan du gjer andre kvardagsaktivitetar.

speltbrød med rug     Vil du steike brødet i gryte kan du fint gjere det, eller rett på ei steikeplate kledd med bakepapir. Denne gongen valde eg å steike det i ei brødform, mest fordi det gir brødskiver som har enklast form for matpakkesmøring. Dette brødet er nemleg perfekt for matpakken, og smular lite.

verdens beste brødDersom du ikkje et heile brødet kan du fryse det, anten delt i to eller delt i skiver. Deler du det i skiver kan du enkelt ta opp ei og ei skive etter kvart som du treng det. Ein kjapp tur i brødristaren er ofte alt som skal til før frukosten kan stå på bordet.

bake brød oppskrift
På biletet ser du nokre favorittar av pålegg her i huset. Avokadomos med nykverna pepar, skinke med avokado og frisk timian og skinke med grøn pesto på toppen. Som matpakke går det helst i kvitost her i garden,  men kanskje har du ein annan favoritt?

hjemmelaget speltbrød
Om du vil lage to speltbrød med rug kan du gjerne doble deiga. Eg brukte ei brødform på 1,5 liter i denne oppskrifta til eitt brød, men dersom du heller vil ha tre brød kan du finne fram brødformer på 1 liter i staden for 1,5. Fordel den doble deiga i dei tre formene og gjer elles som det står i oppskrifta.

 

 

Oppskrift på Speltbrød med rug

1 brød porsjon / Tid: 2-3 t

  • 125 g spelt sammalt grov
  • 600 g spelt finmalt
  • 75 g rug grovmalt
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 ss honning
  • 6 dl lunka vatn
  1. Rør saman deiga til den er jamn og alt mjølet er blanda inn. Deiga treng ikkje eltast noko lenge, berre til det er ei jamn masse.

  2. Dekk til bakebollen med eit fat/eit klede/plast og la heve i 30-60 min, så lenge du har tid.

  3. Bruk ein slikkepott og vend deiga saman slik at du får ut lufta. Skrap deiga over i ei bakepapirkledd brødform på 1,5 liter og la etterheve under eit klede i 20-30 minutt.

  4. Set omnen på 175 grader over- og undervarme og steik brødet på nederste rille i 50-60 minutt. Du sjekkar at brødet er ferdig ved å banke på undersida av det. Om du høyrer ein hol lyd er det ferdig, viss ikkje set du det inn å rista og steiker det ei stund til.

  5. Avkjøl brødet på rist og vent i minst 20 minutt før du deler det opp.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.