Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under 30 minutt gjer at denne passar like godt på ein kvardag som til fest. Men skal du ha skikkeleg god suppe må du passe på å bruke den beste krafta! Difor vel eg å bruke hønsekraft som blir rekna som den mest smaksrike krafta. Mmmmm!

blomkålsuppe med sprøstekt spekeskinkeHønsekraft er det plutseleg stappa fullt av i vår fryseboks. Etter å ha kokt høne til Hønsefrikasse meir enn ein gong i år (og vi er framleis i januar!) er det lett å lage gode supper. Med verdas beste (og sunnaste?) kraft lett tilgjengeleg er det berre å finne fram dei finaste grønsakene og lage suppefest. Denne gongen blei det klassikaren blomkålsuppe, etter ønskje frå eine kidden i hus. Blomkål er nemleg noko av det beste han veit, og då måtte vi sjølvsagt lage blomkålsuppe på suppedagen vår!

hønsekraft Blomkålsuppe er veldig enkelt å lage. Du surrer litt løk for god smak, tilset blomkål og kokar opp. Smak til med litt mjølk, eller creme fraiche/fløyte om du vil, og server. Innimellom der må du sjølvsagt kjøre suppa glatt med ein stavmiksar eller ein blender, men det er jo fort gjort!

surre løk hjemmelaget blomkålsuppeFekk du lyst på blomkålsuppe du og? Les oppskrifta steg for steg under! Og du? Kanskje fekk du lyst til å bruke litt ekstra tid på kjøkkenet og diske opp med Nigellas suppebollar? Då blir det i allefall festmat!

blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Oppskrift på Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 2 blomkål
  • 1 ss nøytral olje
  • 1 liter hønsekraft
  • 1/2 purre
  • 1 løk
  • 2 dl H-mjølk
  • 5-6 skiver spekeskinke
  • frisk persille
  • salt og peppar
  1. Del løk og purre i bitar, og blomkålen i bukettar. Del opp stilken til blomkålhovuda også, dei skal også i suppa.

  2. Varm olje i ei gryte og ha i løken. Surr den til den blir blank, ha så i purre og blomkålhovud. Legg gjerne til side litt av purren for å spare til topping.

  3. Hell på hønsekraft og kok opp. La småkoke, gjerne under lokk, til blomkålen er mør. Dette tek ca 15 minutt.

  4. Del spekeskinka i strimlar og steik i ei lita panne. La resten av purreløken steike med siste minutta, til spekeskinka er sprø og purren litt brun i kantane. Legg til sides.

  5. Plukk ut nokre blomkålbukettar og legg til side.

  6. Bruk ein stavmiksar og kjør suppa glatt.

  7. Ha i mjølka og varm gje suppa eit raskt oppkok medan du rører.

  8. Smak til suppa med salt og peppar.

  9. Ha blomkålbukettane tilbake i suppa, eller legg dei på botnen av ein suppetallerken og aus suppe over.

  10. Strø over sprøsteikt spekeskinke, purre og frisk persille.

  11. Server gjerne suppa med brød til. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.