Sponsa

Granolabar

Granolabar er enkelt å lage heime og er perfekt å ha med i veska eller i sekken når du treng eit lite påfyll på vegen. Denne er søta med peanøttsmør, honning og dadlar og smakar nydeleg godt. Innimellom finn du bitar av tørka aprikos og tranebær som gir mjuk tyggemotstand i grynblandinga.

granolabar
Ved å steike granolabarblandinga i omnen får du deilig karamellisert smak. Ei matmølle er kjekt å ha for å få most dadlane til skikkeleg puré, men har du eit mindre utstyrt kjøkken går det fint å gjere dette for hand også. Oppskrifta går ut på å lage ein puré av søting som du blandar inn i gryna. Alt blir pressa ned i ei form på ca 20 x 20 cm og steikt i omnen til det er gyllent.

granolabar
heimelaga granolabar
Granolabarane lagar du så ved å dele opp den store plata i passe bitar. Super snack når du er litt svolten, og perfekt å ha med på vegen. Det gjekk med ein under fotograferinga av desse, og ein under skriving av oppskrift for å sei det sånn. Resten pakka eg i nokre små ziplock-posar og la i fryseboksen for seinare bruk. Fjelltur, biltur, jobbtur -bring it on. Eg er klar;)

hjemmelaget granolabar med tranebær

Oppskrift på Granolabar

14 stk porsjonar / Tid: 60 min

  • 100 g Helios mandlar
  • 200 g Helios havregryn
  • 50 g Helios solsikkekjerner
  • 100 g god honning
  • 100 g Helios peanøttsmør
  • 100 g Helios dadlar
  • 1 ts Helios kanel
  • 1/8 ts salt
  • 50 g Helios tørka aprikos
  • 50 g Helios tørka tranebær
  • 1 dl vatn
  1. Sett steikeomnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Legg havregryn, solsikkekjerner og hakka mandlar utover eit bakepapirkledd steikebrett og plasser brettet midt i omnen. Rør rundt 1-2 gongar, og la steike i 15-20 min til det er gyllent.

  3. Kok opp vatnent og legg dadlane i. La dei ligge i 5-10 min, slik at dei mjuknar litt opp. Kjør dadlar og vatn til ein jamn puré ved hjelp av ein blender eller ein foodprosessor.

  4. Varm opp honning og peanøttsmør og rør til det blir ei jamn masse. Bland så inn daddelpuréen.

  5. Ha dei røsta gryna over i ein bolle og bland inn kanel, salt, grovhakka aprikos og tranebær.

  6. Hell honningblandinga over og bland godt saman.

  7. Legg bakepapir i ei eldfast form på ca 20 x 20. (Mi form var 16 x 24.)

  8. Trykk blandinga godt saman, ved hjelp av baksida på ei spiseskei eller knyttneven.

  9. Sett den elefaste forma i den varme omnen igjen, og la granolablokka steike i 15-20 min til den er gyllen på toppen og har sett seg.

  10. La granolblokka avkjøle heilt i forma før du deler den opp i passe bitar.

  11. Oppbevarast i tett boks eller kan frysast om du vil ha dei lenge.

stjerne Dette blogginnlegget er skrive i samarbeid med Helios

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.