Sponsa

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta er ein skikkeleg god pizza som gjerne går på repeat her! Salt fetaost, raud pesto med litt sting i og knasande pinjekjerner er nydeleg kombo. Med spinat, som smakar lite, har du samtidig fått i deg masse grønt medan du koste deg med fredagspizzaen. Prøv den då vel!

nydelig vegetarpizzaRaud pesto er nydeleg i pastasalat og på pasta, men passar også veldig bra som ein litt annleis pizzasaus. Denne pestoen her har litt sting i seg og gjer at pizzaen blir akkurat passe sterk, og du unngår at pizzaen blir kjedeleg.

vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta
Vil du ha litt variasjon kan du bytte ut fetaosten med blåmuggost og pinjekjernerne med valnøtter. Det er også kjempegodt! Kos eg med digg pizza og del gjerne med meg på snapchat eller instagram:)

vegetar pizza pinjekjerner

 

Oppskrift på Vegetarpizza med raud pesto, spinat og feta

2-3 porsjonar / Tid: 60+

Pizzabotn

  • 3 dl lunka vatn
  • ca 6 dl kveitemjøl (eller pizzamjøl)
  • 2 ss Helios olivenolje
  • 1 ts salt
  • 1/2 pk tørrgjær

Pizzatopping

  • 100 g Helios raud pesto
  • 50 g babyspinat
  • 50 g mozzarellaost i bitar
  • 50 g fetaost
  • 3-4 ss pinjekjerner
  1. Lag deiga til pizzabotnen først, slik at den får tid til å heve seg. Rør saman lunka vatn, kveitemjøl, olje, salt og tørrgjær i ei kjøkkenmaskin eller for hand til du har ei jamn deig. Dekk bakebollen og la heve i 1 time.

  2. Sett omnen på 230 garder over- og undervarme og plasser eit steikebrett midt i omnen. Har du pizzastein set du sjølvsagt den i omnen i staden.

  3. Kjevle ut deiga på underlag av mjøl, og plasser på eit bakepapir. Stryk utover pesto og ha over spinat, smuldra feta og mozzarellaost.

  4. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet og la pizzaen steike til kanten og toppingen er gyllen, 10-15 min.

  5. Ha pinjekjernene i ei tørr steikepanne og rist dei nokre minutt på høg varme slik at dei får litt farge.

  6. Strø rista pinjekjerner over den ferdige pizzaen og server med det same. Velbekomme!

stjerne Dette blogginnlegget er skrive i samarbeid med Helios

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.