Nigellas suppebollar

Nigellas suppebollar, eller «Soft White Dinner Rolls» om du vil, er som overskrifta seier bollar som passar til suppe. Suppe er jo so godt -men absolutt ikkje favoritt hjå alle born. Då gjeld det å glede dei med å server godt brød til suppa, slik at suppemiddagen ikkje blir so verst likevel!

nigellas suppebollar nigellas suppebollar små boller

Denne oppskrifta er det Nigella Lawson som har publisert, og ho har ei utfordring gåande der ein skal bake/koke/lage ei spesifikk oppskrifter av henne. Denne månaden var det desse suppebollane som stod på menyen, og dei frista oss her heime. Som sagt, så gjort. Suppe med god brødmat til blei godkjent av både små og store og kan varmt anbefalast vidare!

soft white dinner rolls

 

Oppskrift på Nigellas suppebollar

30 små porsjonar / Tid: 2 t

  • 550 g kveitemjøl (+ekstra til utbaking)
  • 1 pk tørrgjær
  • 1/2 ts salt
  • 1 ss sukker
  • 4 dl H-mjølk
  • 25 g smør
  • 1 egg
  • 1 ss mjølk
  • 1/2 ts salt
  • 1 ss sesamfrø
  • 2 ss valmuefrø
  1. Smelt smør i ei lita kasserolle. Ha i mjølka og varm opp til det er fingervarmt.

  2. Bland saman kveitemjøl, sukker, tørrgjær, salt og mjølkeblandinga. Bruk gjerne ei kjøkkenmaskin og elt i 5-10 min til du ha ei jamn og smidig deig.

  3. Dekk til bakebollen og la heve på ein lun stad til dobbel storleik, omlag 1 time.

  4. Kna deiga og del opp i 30 delar, om lag så store som ein golfball. Bruk ekstra mjøl på benken og trill runde ballar som du set på eit bakepapirkledd steikebrett.

  5. La bollane heve under eit kjøkkenklede i 30 minutt, medan omnen varmar seg opp til 220 grader over- og undervarme.

  6. Pensle bollane med ei blanding av samanvispa egg, mjølk og salt. Strø sesamfrø og valmuefrø på nokre av bollane.

  7. Steik midt i omnen i 10-15 minutt, til dei er gylne.

  8. Avkjøl på rist og server som dei er, eller med ein god klatt smør, til god suppe. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.