Vekemeny 3

Vekemeny 3 er på plass, og med det er vi midtvegs i januar og godt vane med å skrive 2017 som dato. Eg håper du har kome godt i gong med kvardagsrutinene, og finn tid til å lage noko godt på kjøkkenet.

I veka som gjekk bakte vi rundstykker til kveldsmat eine kvelden vi var heime utan aktivitetar på planen, og det var fin familieaktivitet. Resultatet blei sjølvsagt ekstra god kveldsmat og god prat rundt bordet. Absolutt å anbefale, og om du vil bake halvgrove rundstykke som vi valde så finn du oppskrifta her.

Ha ei fin vinterveke!

Mandag

vekemeny 9

Pizza margherita

Pizza er populært! Og allerbest synest kidden det er når han får pizza der han slepp å plukke vekk paprikaen og anna stæsj som foreldra likar. Kjenner du til problemet…?… Fortsett å les »

Tysdag

torsk søtpotet egg

Steikt torsk med søtpotetstappe og eggesmør

Steikt torsk er ein av mine favorittar å lage når vi kjem heim frå jobb, skule og barnehage. Det går raskt, er sunt og smakar så godt, om du lagar… Fortsett å les »

Onsdag

blomkålsuppe kokosmelk

Krema blomkålsuppe med kokosmelk

Blomkålsuppe er ein klassikar som er fin å servere både som forrett, lunsj, middag eller kvelds. Denne versjonen har kokosmjølk i seg, som gjer den deilig krema. Mjuk og god… Fortsett å les »

Torsdag

fiske kaker søtpotet

Fiskekaker med søtpotetchips

Fiskekaker med søtpotetchips var middagen vår i dag. Raskt og godt, og ikkje meir tidkrevjande enn at det kan stå på middagsbordet ein heilt vanleg kvardag! Eg kjøpte torskefilet på… Fortsett å les »

Fredag

Nachos

So enkelt og so godt! Krydra kjøttdeig med litt futt i og tortillachips rundt kanten. Ein liten svipptur inn i steikeomnen for å smelte osten og vips er det klart… Fortsett å les »

Laurdag

beef bourguignon

Boeuf Bourguignon

Denne gryta fall så godt i smak første gong vi laga den for snart to år sidan at det har blitt ein kjær favoritt. Den gong synest eg namnet på… Fortsett å les »

Søndag

kvitvinsdampa blåskjell

Fiskesuppe med reker og blåskjell

Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »

Noko godt

Glutenfri nøttegranola

Glutenfri nøttegranola har fått meg på granola-kjøret igjen, etter ei lang omelett-pause… Eg kom over ei oppskrift med crunchy granola, og kunne ikkje få laga den raskt nok! Eg har… Fortsett å les »

Vekas brødmat

eltefritt 4-kornbrød

Eltefritt firkornbrød

Eltefritt firkornbrød er laga med flak av havre, bygg, rug og spelt. Eg brukte ei ferdig blanding med desse 4-korna, men du kan lett blande det sjølv. Du får både… Fortsett å les »

Vekas kake

bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær

Bakt ostekake med blåbær er fløyelsmjuk ostekake som verkeleg er ein høydare på eit kvart kakebord. Med blåbær gøymt inne i kaka og på toppen blir det i tillegg knallfarge!… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.