Reklame

Søtpotetsuppe med paprika

Søtpotetsuppe med paprika er deilig varmande og god suppe for heile familien. Søtpotet gir ei suppe med nydeleg farge og deilig smak. Med litt currypaste blir det futt i suppa, utan at den tek heilt over og overkjører alle dei andre gode smakane. Vi serverte suppa med godt brød og ein liten limebåt til kvar, så kunne den som ville skvise litt limesaft over rett før servering. Mmmm! Nydeleg!

søtpotetsuppe med kokosmelk
Har du kraft liggande i frysaren er det no du skal hente den fram og ha den i suppa. Ikkje berre får du ein fantastisk smak, du får også i deg rikeleg med godheiter til kroppen din. Har du ikkje kraft liggande denne gongen nyttar du sjølvsagt fond eller buljong kjøpt på butikken i staden. Det blir ikkje heilt det samme, men i ein hektisk kvardag må det til av og til. Så kan du notere på lista at du skal koke kraft ein kveld du likevel er heime;)

søtpotetsuppe med paprika
Det året vi budde i Malaysia var det søtpotet på menyen mest kvar veke. Det var eit stort utval av søtpotet på matbutikken av både store, små, gule, oransje og kvite søtpoteter frå ulike land og områder. Vi smakte oss gjennom dei ulike og konkluderte vel med at dei smakt ganske likt likevel. Flaks for oss i Norge som «berre» har dei store oransje på butikken;)

enkel søtpotetsuppe
Får du restar er denne suppa endå betre dagen etter. Sett den i kjøleskap og varm den opp i ei lita kasserolle til det ryk. Vips! Ferdig lunsj eller middag på fem minutt:)

Oppskrift på Søtpotetsuppe med paprika

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • ca 750 g søtpotet
  • 1 raud paprika
  • 1 løk
  • 3 fedd kvitløk
  • 1 ts curry paste
  • 2 cm ingefærrot
  • 5 dl kraft (kylling/høns/grønnsak)
  • 400 ml Helios kokosmjølk
  • salt og peppar
  • 1 ts Helios kokosolje
  • 1/2 lime (kan sløyfast)
  1. Del løk i bitar og fres i ei gryte saman med kokosolje til den blir blank.

  2. Ha i finhakk kvitløk og ingefærrot. Ingefærroten skrellar du enkelt ved å bruke baksida på ei teskei.

  3. Ha i curry paste og la det surre med i 2 minutt.

  4. Skrell og del søtpotet i terningar. Del paprika i mindre bitar. Ha dette i gryta saman med løkblandinga.

  5. Ha i kraft og kok opp. La småkoke til søtpoteten er mør, avhengig av storleik tek dette omlag 15 minutt.

  6. Ha i kokosmjølk og kjør suppa glatt med ein stavmiksar eller i ein blender.

  7. Varm opp suppa til den ryk godt, smak til med salt og peppar, gjerne ein skivs lime og server med det samme.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.