Ostekake med bringebærlokk

ostekake med bringebær

Ostekake med bringebærlokk stod på kakebordet då vi inviterte til familieselskap for den ferske åtteåringen vår. Rett etter jul og nyttår er det merkeleg lite interesse for søte kaker og då blei løysinga søt og syrleg ostekake!

Denne ostekaka er ei opp-pimpa versjon av ei av dei eldste kakeoppskriftene eg har i notatboka mi. Eg har fått den frå mi gode veninne Siv som kom med den i slutten av tenåra. Då var det plutseleg slik at vi var vaksne nok til å at vi skulle ta med kaker til diverse arrangement, og enkle kaker måtte lærast. Ostekake med bringebær er nemleg ei av dei enklaste kakene du kan lage!

ostekake med bringebærlokk
Ikkje skal kaka steikast, og det i seg sjølv er jo gull når ein skal diske opp med fleire kaker til eit selskap, og så er den super-enkel å lage. Knus kjeks, visp saman og sett til avkjøling. Du må la kaka få ei stund i kjøleskap før du legg på tredje laget, og sidan eg sjeldan har tolmod til å vente og let eg like gjerne kaka stå i kjøleskapet over natta før eg legg på siste laget morgonen etter. Men her er det berre å trykke lett på ostemassen for å sjekke når den har stivna om du vil legge på tredje laget samme dagen.

Skal du lage glutenfri kake nyttar du berre glutenfrie havrekjeks i staden, eller glutenfrie havregryn malt til finare masse. Sistnevnte blir litt meir smuldrete, men funkar fint når det trengst. Havregryn er søtt i seg sjølv, men du kan gjerne blande i 1-2 ss sukker når du vender inn smøret.

Håper du fekk lyst på frisk og søt ostekake.
Velbekomme!
Del gjerne på instagram/snapchat om du lagar kaka:)

Oppskrift på Ostekake med bringebærlokk

10-12 porsjonar / Tid: 45 min + tid i kjøleskap

Kjeksbotn

  • 250-300 g havrekjeks
  • 150 g smør

Ostekrem

  • 250 g mandarin og ananas kremost
  • 1, 5 dl lettrømme
  • 3 dl fløte
  • 100 g sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 pk sitrongelepulver
  • 1,5 dl vatn

Bringebærlokk

  • 1 pk bringebærgelepulver
  • 2,5 dl vatn
  • 100-150 g bringebær
  1. Knus kjeksa godt og bland med smelta smør. Press ned i ei kakeform på 24-26 cm. Lita kakeform gir høg kake, større gir flatare kake. Set forma i kjøleskap medan du gjer klar ostekremen.

  2. Kok opp vatnet og rør ut sitrongeleen. Les på pakken, og rør slik det står. Set til side for avkjøling medan du klargjer resten.

  3. Ha kremost, rømme, fløte, sukker og vaniljesukker i ein bolle og visp til du får luftig krem. Vend inn den sitrongeleblandinga som har fått stå og avkjøle litt etter litt. Hell ostekremblandinga over kjeksbotnen og set kaka i kjøleskap til det har stivna.

  4. Når ostekremen har stivna (gjerne dagen etter) kan du lage klar bringebærlokket. Kok opp vatnet og rør inn gelepulveret. Legg bringebær uttover kaka (det går bra om dei er frosne) og hell forsiktig geleen over. Sett i kjøleskap til lokket har stivna og fram til servering. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.