Reklame

Valnøttknekkebrød

Valnøttknekkebrød har deilig nøttesmak og er knasande sprøtt og godt. Knekkebrøda er fine å ha i nisteboksen, som eit lite lager liggande på kontoret når svolten melder seg eller på kjøkkenbenken for digg kveldsmat. Smaken av valnøtt er rund og mild og passar godt i desse flate og sprø brøda.

Å lage knekkebrød er ein fin ettermiddagsaktivitet, då det eigentleg ikkje krevst så mykje at deg anna enn at du må vere på kjøkkenet (eller i nær avstand) i ein times tid. Du rører raskt saman frø, gryn og kjerner og stryk det utover steikebretta. Så skal knekkebrøda inn i omnen og få tørke ut og bli sprø.

valnøttknekkebrød

Denne oppskrifta kan du også nytte om du vel å bløytleggje frø og kjerner før bruk. Det er nemleg slik at alle frø og kjerner er beskytta av fytinsyre. Dette gjer at frøet ikkje spirar før det er i trygg jord eller liknande der det kan vekse, og ikkje i for eksempel tarmen vår. Dette er bra for frøet men dumt for deg, for du får ikkje i deg alle næringsstoffa som frøet er fullt av. Trikset for å fjerne noko av fytinsyren er å leggje frø og kjerner i bløyt i vatn over natta og så bruke dei i bakst.

Dette var heilt vanleg før i tida, men i vår tid når alt skal gå så fort er dette eit steg som har blitt gløymt. Om du merkar at du blir uggen i magen av å ete frøknekkebrød kan det vere lurt å prøve å bløytleggje først og så steike. Då er det mange som blir kvitt mageproblema og opplever at dei er lettare fordøyelege.

enkle hjemmelagde knekkebørd

For denne oppskrifta legg eg alt i bløyt, så nær som valnøttene. Dei treng ikkje like lang tid i vatn, 2-3 timar er nok, og då blir det ofte til at eg hoppar over å bløytleggje akkurat dei. For å bløytleggje til denne oppskrifta nyttar eg to ulike bollar. Eg legg frø og kjerner i ein bolle med rikeleg vatn og 1 ts salt og let det står over natta. Dagen etter heller eg av vatnet, og skyl godt av frøa.

I bolle nummer to legg eg havregryna med den vassmengda som skal vere i oppskrifta + saltet frå oppskrifta. Havregryna vil svelle og det er dermed ikkje enkelt å tømme av vatnet dagen etter, så då let eg det berre vere i. Etter å ha skylt av frøa blandar eg dei inn med havregrynsgrauten og følgjer deretter oppskrifta vidare.

Då er det opp til deg å velje metode, nydelege knekkebrød blir det uansett val:)

knekkebrød helios

Oppskrift på Valnøttknekkebrød

16 porsjonar / Tid: 1 t 10 min

  • 400 g Helios havregryn
  • 100 g Helios linfrø
  • 100 g Helios valnøtter
  • 100 g Helios solsikkefrø
  • 100 g Helios sesamfrø
  • 100 g Helios gresskarkjerner
  • 7 dl vatn
  • 1 ts salt
  1. Sett steikeomnen på 160 grader varmluft og gjer klar tre steikebrett med bakepapir.

  2. Grovhakk valnøttene og bland saman alt i ein bolle.

  3. Stryk massen jamt uttover bretta og set dei inn i omnen.

  4. Steik i ti minutt, ta dei så ut og rut opp til passe knekkebrød før du set dei tilbake i omnen.

  5. Steik i 20 min, bytt plass på bretta og gjennta dette endå ein gong, slik at steiketida blir 20 + 20 + 20.

  6. Avkjøl på ei rist og oppbevar i ei tett boks.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.