Hønsefrikassé 2.0

Hønsefrikassé 2.0 er min andre versjon av hønsefrikassé og du verden så god den blei! Dei høgaste skussmål frå dei som fekk smake, og heldigvis i så rikeleg mon at vi framleis har restar i fryseboksen. Dette er billeg og nydeleg god mat som fortjenar å kome fram i lyset igjen.

kyllinggryte

Hønsekraft er ei av dei beste kraftene til å nytte i sausar og supper, og ved å koke ei høne får du mykje av dette! Noko av krafta skal sjølvsagt nyttast i frikassèen, men her er det rikeleg for seinare supper og sausar.

Hønsefrikassè er ikkje middagen du går i gong med når du kjem heim frå jobb og vil ha middag på bordet innan ti minutt. Dette er mat som treng tid, og som eg helst lagar i to delar.

Eg kokar gjerne høna ein kveld vi likevel er heime, den treng verken tilsyn eller omsorg. Den kokar seg fint heilt sjølv. Så plukkar eg av kjøtet og legg det i kjøleskapet i ei tett boks, klar for del to dagen etter. Krafta som høna ligg i må sjølvsagt også takast vare på. Den silar eg og let stå for å koke inn så lenge eg har tid før eg fyller den i små boksar og set i fryseboksen. Ei av boksene går i kjøleskapet saman med kjøtet, for hønsekraft må til i hønsefrikassé.

hjemmelaget hønsefrikasse

Dag to tek eg lett etter jobb. Lag kvit saus, spe med hønsekrafta, kok grønsakene møre, ha i kjøtet og smak til. Voila! Ferdig middag. Ferdig tradisjonsrik og billeg middag! For nemde eg at hønsekjøtet blir solgt for ein slikk og ein ingenting? Her om dagen handla eg ei heil høne for 75 kroner. Det var det samme vi betalte for 1/4 boks med nøtter!

Og du? I alle gryter og supper der det skal vere kylling kan du fint nytte hønsekjøtt i staden. Berre hugs å koke fleire i slengen og fryse ned. Det gjeld berre å planlegge med andre ord;)

hønsefrikassé 2.0

Oppskrift på Hønsefrikassé 2.0

6-8 porsjonar / Tid: 4 t

Del 1

  • 1 høne (ca 3 kg, frossen)
  • 2 laurbærblad
  • 1/3 purre (det grøne)
  • 1 løk
  • 2 gulrot
  • 1 ts eplecidereddik

Del 2

  • 3 ss smør
  • 3 ss (glutenfritt) mjøl
  • 1-2 dl kremfløyte
  • 4-5 gulrot
  • 5-6 poteter
  • 1/4 sellerirot
  • 2/3 purre
  • 2 ss sitronsaft
  • salt og peppar
  • ca 1 l kraft (frå del 1)
  • hønsekjøtt (frå del 1)
  1. Del 1: Legg alt i ei stor kasserolle og fyll på med vatn til alt er dekka. Kok til lårbeinet løsnar, det tek omlag 2-3 timar.

  2. Løft ut høna og la den avkjøle.

  3. Sil krafta og kok den inn så lenge du har tid. Dette gjer du enkelt ved å la krafta koke på høg varme utan lokk. Då fordampar vatnet og du sit igjen med svært smakfull kraft. Det blir også mindre mengde, og dermed lettare å fryse slik at du har deilig hønsekraft liggande klar i frysaren.

  4. Plukk av kjøtet på høna og del det i bitar. Du kan no gå i gong med del to, eller setje kjøt og kraft i kjøleskap og gå rett på del to i morgon. Herifrå tek det omlag 30 min før hønsefrikasséen er på bordet.

  5. Del 2: Smelt smør i ei stor gryte og rør inn mjølet. Spe med litt og litt hønsekraft og rør kraftig mellom kvar gong for å unngå klumpar.

  6. Skrell og del grønsaker i terningar og ha dei i gryta. Kok til grønsakene er møre, ca 10 min.

  7. Ha i hønsekjøtet og la det vere med i nokre minutt, slik at det blir gjennomvarmt.

  8. Ha i fløyte, sitronsaft, salt og peppar.

  9. Servér med det samme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.