Årskavalkade 2016

Så var det siste dagen av året, og det er tid for å sjå tilbake og glede seg over alt som har skjedd i året som har gått. 2016 har vore full av opplevingar og året har til tider vore vel hektisk. Men så lenge ein får halde på med noko ein synest er spanande og kjekt gjer det ingenting at timane flyg!


Året starta med samarbeid med mellom anna Apetina og dermed tur til Oslo. Der laga eg ulike rettar som blei fotografert av Stian Broch som har gjeve ut kokebøker med Hellstrøm og fleire. Det var lærerikt å sjå korleis han jobba og styla dei ulike rettane.

I tillegg til dette har eg levert oppskrifter gjennom heile året, ikkje berre til Apetina men også spesielt til Helios. Desse to avtalane har gått gjennom heile året, og det har vore både spanande og utfordrande å skulle levere frå seg bileter og oppskrifter på jamn basis. Tusen takk for eit kjekt samarbeid så langt!

Proteinrundstykker Krema kyllingform Sjokoladefondant Kyllingsuppe med nanbrød Fastelavnsbolle med syltetøy og krem Hjortegryte Bearnaisesaus Steikt skrei med appelsinsaus Halvgrovt brød Proteinbrød Rå snickers Eltefritt linfrøbrød Superenkel fiskegrateng Bollefocaccia Kyllingwok med chili og cashewnøtter Kyllingpai med søtpotetbotn

I mars blei eg tildelt Målprisen 2015 av Ørsta Mållag for blogging på nynorsk med heider og ære, blomar og diplom. Og så gjekk det berre nokre veker før Noregs Mållag ringde og inviterte meg til Bergen for tildeling av eit stipend på 50.000,- for å vidareutvikle bloggen! Prisutdelinga blei delt på Snapchat og gratulasjonane strøymde inn.

Det var faktisk så mykje gratulasjonar for målprisen og stipendet at då bursdagen min kom månaden etter prøvde eg å halde ein så låg profil som mogleg. Hahaha…det kan bli for mykje for ein enkel matbloggar frå bygda;)

årskavalkade 2016
April baud også på Oslotur – denne gongen for Tine Kefir. Eg steikte sveler i deira Kefir-lab på sjølvaste 1. april. Ingen aprilsnarr, sjølv om det som var annonsert som eit kurs blei meir som ein demonstrasjon av svelesteiking. Likevel var det veldig kjekt at så mange tok turen innom. Tusen takk til alle dykk -så kjekt å helse på!

starstruck arne brimi
I juni gjekk vi rett på sjølvaste Arne Brimi midt i ein klatreskog (kanskje ikkje så rart når det var Brimiskogen) og det måtte sjølvsagt bedast fint om eit bilete. Han stilde sjølvsagt blidt opp!

I august var endeleg den nye nettsida klar i samarbeid med dyktige Studio Netting og den blei så fin! Enkle menyar, søkefelt og bileta i fokus. Eg håper du likar den du også!

plukke traktkantarell

natt i naturen
I september var det knallfint ver her på Sunnmøre og mest mogleg tid blei brukt ute. Vi plukka så mykje sopp vi kunne og fylde opp med blåbær innimellom soppturane. Oktober var på same viset, og det blei til og med tid til ei overnatting på ein fjelltopp innimellom alt anna som skulle skje.


I november var det utdeling av Årets Matbloggar, og eg reiste nedover for å heie på finalistane og få helse på matblogg-gjengen. Ein hyggeleg kveld dagen før utdelinga og hyggelege møter på sjølve utdelinga var absolutt verdt å få med seg. Det er verkeleg kjekt å møte andre likesinna og få eit ansikt og ei stemme på desse som eg har blitt kjent med gjennom internettet. Håper det ikkje er lenge til neste gong!

vekemeny 48 kryddermarked goa
I slutten av november var det tur til India med fokus på ayurvedisk mat og indiske smakar. Så mykje god vegetarmat som vi fekk ete den veka trur eg aldri at eg har smakt før. Nye kokebøker og ny inspirasjon blei med heim i kofferten, klar for eit nytt matbloggår.

julekrydra havregrynsrundstykker

Desember kom og gjekk like fort som resten av året, då var det min tur å ha ansvar for #oppskriftsutfordringen mellom oss matbloggarar, der temaet var julekrydder. Eit eige oppsummeringsinnlegg med alle dei fine bidraga kjem, følg med dei neste dagane.

Innimellom all skriving, fotografering, planlegging og organisering har eg smilt for meg sjølv meir enn ein gong. Det er så stas at de lesarar set pris på kvardagsmat.no og brukar bloggen jamt. Tusen takk for fine snap, Instagram-bileter, e-postar, meldingar og helsingar; det er desse som gjev motivasjon til å fortsette og på å prøve å bli betre og betre.

hjerte solnedgang
På bloggen har det i året som har gått vore 1,2 millionar sidevisningar! Om du vil sjå dei ti mest lesne oppskriftene i året som har gått finn du dei her: 10 på topp 2016.

Instagram var det desse bileta som var mest populære i år, følg meg gjerne: kvardagsmat

Tusen takk for eit fantastisk matbloggår og godt nytt år!

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.