10 på topp 2016

Året 2016 er straks eit tilbakelagt kapittel, og det er tid for å sjå kva som har slått best an hjå dykk fine lesarar av kvardagsmat. Utan dykk hadde det slett ikkje vore like stas å vere matbloggar.

Tusen hjartleg takk for besøk på bloggen, fine snaps og meldingar!

Har du ein annan favoritt enn desse mest besøkte? Då må du gjerne leggje igjen ein kommentar på facebook eller på Instagram.

Her får du dei mest besøkte oppskriftene i året som har gått: 10 på topp 2016!

Og du; følg med framover for ei skikkeleg oppsummering av året som har gått er på gong;)

 

Nummer 1

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar… Fortsett å les »

Nummer 2

hjortegryte

Hjortegryte

Hjortegryte er klassisk haustmat, i allefall her på desse trakter. Hjortejakta er i gong for lengst, og årets første kjøt har hamna i grytene her. Med nydeleg kryddersmak av kantarellen… Fortsett å les »

Nummer 3

protein rundstykker

Protein­rundstykker

Desse rundstykka rører du raskt saman, formar til rundstykker og set rett i steikeomnen. Ingen heving og dermed supre å lage ein kveld du vil ha noko godt å ete…. Fortsett å les »

Nummer 4

pavlova 17.mai

Pavlova i langpanne

Pavlova er kanskje mi absolutte favorittkake. Marengs, krem og friske bær er jo godt kvar for seg, men absolutt best saman. Eg diggar at botnen kan lagast klar lang tid… Fortsett å les »

Nummer 5

biff bearnaise hasselbackpoteter

Bearnaise saus

Å lage bearnaise saus er slett ikkje vanskelg. Lag den over vassbad -då har du betre kontroll med varmen og unngår at sausen skil seg. Her gir eg deg steg… Fortsett å les »

Nummer 6

pølse og makaronigrateng

Pølse- og makaronigrateng

Pølsegrateng er ein vinnar på middagsbordet både for små og store. Gratengen kan lagast heilt enkel, eller du kan jazze den opp med spicy pølser, smakfull ost og krydder. Her… Fortsett å les »

Nummer 7

bringebærkake på nøttebunn

Bringebærkrem på mandelbotn

Bringebærkrem på mandelbotn er ei flott kake å setje på kakebordet, og med sin freshe rosa farge skil den seg litt frå dei fleste andre kaker. Mandelbotnen er perfekt å… Fortsett å les »

Nummer 8

protein brød

Proteinbrød

Proteinbrød er ein vri på dei populære proteinrundstykka som ofte blir laga her i heimen når vi treng brødmat på 1-2-3. Ofte hamnar resten av rundstykka i frysaren, slik at dei… Fortsett å les »

Nummer 9

vekemeny 14

Lasagne med grønsaker

Denne lasagnen har både tomatsaus og ostesaus, og eg kan nesten garantere at dei du serverar den til ikkje vil leggje merke til at den manglar kjøt i seg. Ein… Fortsett å les »

Nummer 10

fiskekraft

Kraft av rekeskall

Neste gong du et reker må du for all del ikkje kaste skalet! Lag nydeleg kraft av rekeskall i staden, så har du alltid moglegheit til å lage verdas beste… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.