Lapskaus

Lapskaus er ein av dei tradisjonsrettane som vi verkeleg bør halde fast ved! Rimeleg mat som gir rom for å bruke opp restane du har i kjøleskapet og perfekt å lage i store mengder. Inviter inn til selskap eller frys ned i passe porsjonar slik at du har digg og næringsrik middag klar til ein hektisk kvardag.

hjemmelaget lapskausIkkje berre er lapskaus lett å lage og fin for å bruke opp grønsaksrestane du har liggande, det smakar også skikkeleg godt!

Koketida på kjøtet blir avgjort av kor mørt det er, og du kan lett koke det på førehand om du skal ha gjestar. Kok det så lenge det trengst, slik at det ikkje er seigt men godt å tygge. Den enklaste måten å finne ut dette på er å smake på det under vegs. Om eg er usikker kokar eg kjøtet først, så lenge som det trengst, og så tilset eg berre grønsakene omlag tjue minutt før gjestane kjem slik at dei akkurat blir gjennomkokt men ikkje fell heilt frå kvarandre.

lapskaus
Om du kokar grønsakene lenger gjer det ingenting, då blir det meir som ein graut-lapskaus -og sjølv om eg helst vil ha bitar å tygge er det nettopp denne tjukke versjonen som er mange andre sin favoritt. Smaken er som baken, og her er det heilt opp til deg som står på kjøkkenet å avgjere korleis resultatet skal bli.

heimelaga lapskaus

For lage best mogleg lapskaus trengst det aller helst god kraft, i staden for buljongterningar (men det kan ein sjølvsagt nytte i ein hektisk kvardag). Kraft er ein av mine favorittar å lage på kjøkkenet, ei stor gryte med beinrestar og grønsaker som får småputre på komfyren ein heil dag. Du kan bruke dei beinrestane du har, og det gjer ingenting om du blandar saman kylling/lam/viltbein, og så har du i litt grønsaker. Her kan du lese meir om korleis du kokar kraft.

Oppskrift på Lapskaus

4-6 porsjonar / Tid: 2 t

  • 800 g storfekjøtt (høgrygg/bog)
  • 1-2 ss smør
  • 1 stor løk
  • 4-5 gulrot
  • 1/2 sellerirot
  • 1 purre
  • 10-12 poteter
  • ca 1 liter kraft (eller vatn + buljong)
  • 2 ss maizena (kan sløyfast)
  • 1/2 dl kaldt vatn (kan sløyfast)
  1. Skjær kjøtet i terningar og brun det i ei gryte saman med smør og litt olje. La bitane blir godt bruna, men dei treng ikkje bli gjennomsteikte.

  2. Hell over krafta og la kjøtet koke til det er mørt. Dette varierer alt etter kva kjøt du brukar, men tek 1-2 t.

  3. Skrell og del alle grønsakene i terningar og ha dei i gryta saman med kjøtet, la småkoke til dei er gjennomkokte 15-20 min.

  4. Dersom du vil ha tjukkare lapskaus: Rør ut maizena i vatnet og hell det over i gryta, la gryta få eit oppkok.

  5. Server lapskaus med frisk kruspersille og flatbrød.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.