Julekrydra havregryns­rundstykker

Julekrydra havregrynsrundstykker er mi oppskrift for deltaking i matbloggarane si #oppskriftsutfordringen for desember, som har tema julekrydder. Med deilig smak av kanel, kardemomme, valnøtter og rosiner blei dette den litt sunnare versjonen av julebrødet.

proteinrundstykker juleversjon Proteinrundstykka er ein av mine absolutte favorittar, sidan dei er ferdige og klare til å ete på under ein halvtime. Dersom du ikkje har brød i hus til frukost eller kvelds er desse superdigg å lage. Bonusen er at dei er naturleg glutenfrie, sidan havregryn ikkje inneheld gluten, og difor milde mot magen om du reagerer på dette. Smakfulle og saftige rundstykker som held seg godt sjølv om dei går i fryseboksen.

julekrydra havregrynsrundstykker
Til jul må ein sjølvsagt ha ekstra gode proteinrundstykke, og då krydra eg med to julefavorittkrydder; kardemomme og kanel. Lukta i huset når desse rundstykka steiker er himmelsk -det luktar som nydeleg julebrød.

julekrydra havregrynsrundstykkerResten av porsjonen gjekk i fryaren her, og så tinar vi berre så mange vi treng om morgonen for dei som vil ha dette til julefrukosten. Det tek ikkje meir enn 5 minutt på 160 grader varmluft, eller ein rask tur i brødristaren om du lagar dei flate nok til å få plass i den:)

Så snart månaden er overstått kjem det eit innlegg med dei flotte bidraga, sidan det er eg som har utfordra dei andre matbloggarane denne månaden, men fram til då kan du jo sjekke ut kva desse matbloggararne har laga:

Nokre utval frå #oppskriftsutfordringen med julekrydder-tema:

 

Oppskrift på Julekrydra havregryns­rundstykker

16 stk porsjonar / Tid: 5 min + steiking

  • 500 g Cottage Cheese
  • 4 egg
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • 200 g havregryn
  • 1 ts kardemomme
  • 1/2 ts kanel
  • 1 dl hakka valnøtter
  • 1 dl rosiner
  1. Set omnen på 180 garder varmluft (eller 200 grader over- og undervarme).

  2. Ha egg, cottage cheese, bakepulver og salt i ein bakebolle og kjør det til ei glatt masse ved hjelp av stavmiksar.

  3. Bland i krydder, havregryn, hakka valnøtter og rosiner til du har ei jamn masse.

  4. Form til 16 ballar og set på eit bakepapirkledd steikebrett. Har du ei slik isskei som du kan trykke på håndtaket for å løsne iskula er dette genialt å bruke for å lage ballane.

  5. Set brettet midt i omnen og steik i 20 min, til rundstykka er gylne på undersida.

  6. Avkjøl på rist og nyt med smør og brunost. Klarer du ikkje ete alle på ein gong er desse fine å fryse.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.