Risbollar

Risbollar er ein av dei «julebakstane» som er laga på få minutt men likevel er elska av både små og store. Julebakst står i hermeteikn, for her der det strengt tatt ingen baking. Du smelta smør og feitt, vispar eggedosis og vender det heile saman. Så treng det berre eit kvarters tid i kjøleskap før det er klart til servering. Enkelt og godt -og perfekt å røre saman om du manglar noko godt i innspurten mot julefeiringa!

risboller Desse laga vi faktisk før frukost, første dagen i juleferien. Å setje ut muffinsformer på eit brett er ei av dei oppgåvene det alltid blir kamp om å få lov å delta på, så her fekk eg god hjelp frå to ivrige gutar. Vi fekk grisa med sjokolade og rydda opp før frukost-svolten melde seg, og sjekka av ei julekake/julegodis på lista. Ikkje verst!

Kor store risbollar du vel å lage er heilt opp til deg. Talet i oppskrifta går ut i frå spiseskei-store risbollar. Vil du ikkje lage bollar kan du fylle litt av massen lett i ei brødform (ikkje så høgt), og dele den opp i stavar etter at det har stivna. Då har du plutseleg laga dine eigne risbrød i staden.

risbollar

Når du skal nytte kokosfeitt kan du velje sjølv om du vil bruke helsekosten sine variantar som heiter kokosolje (finnast både i extra virgin og virgin versjon) eller den herda typen som du finn på butikken, Delfiafett. Om du vil lese meir om dei ulike typane er det berre å gjere eit raskt google-søk så finn du informasjon om skilnaden på dei ulike feitt-typane. Smaken blir god uansett kva val du gjer, berre slik at det er sagt.

risbollar

 

Oppskrift på Risbollar

50 stk små porsjonar / Tid: 20 min + avkjøling

  • 250 g kokosfett
  • 200 g mørk kokesjokolade (gjere 70%)
  • 2 egg
  • 200 g sukker
  • 3 ss sterk kaffi
  • 150 g puffaris (puffet ris)
  1. Kok opp ei lita kasserolle med vatn og set ei skål over. Skåla skal ikkje ta ned i vatnet under.

  2. Ha sjokolade i bitar og kokosfett i skåla og la det smelte slik, over vassbad.

  3. Visp egg og sukker til lys og luftig eggedosis.

  4. La kokosfett og sjokoladeblandinga avkjøle litt før du vender den inn i eggedosisen, litt etter litt. Rør også inn kaffien.

  5. Vend inn puffaris, litt etter litt. Du kan gjerne nytte berre 100 g puffaris i staden, om du vil at det skal vere meir sjokolade på kvar risbolle -dette er opp til deg:)

  6. Bruk to spiseskeier og sett små toppar med sjokoladeris på eit bakepapirkledd steikebrett, eller i små muffinsformer. Du kan lage toppane så små eller store som du vil, mengden som er gitt i oppskrifta tilsvarer omlag ei spiseskei i kvar form.

  7. Set risbollane i kjøleskap for avkjøling, og oppbevar dei kjøleg fram til servering.

Skrive av Anita Stokke Blomvik

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.