Reklame

Riskrem med raud saus

Riskrem med raud saus høyrer julehøgtida til, og gir mange gode minner. Riskremen blir aller best om du lagar den samme dag som den skal etast, men det går veldig raskt og enkelt om du har klar kald graut. Og det er jo berre å koke ein ekstra stor porsjon når du skale servere graut til lunsj eller middag dagen før.

riskrem med bringebær
I riskrem er det ofte tradisjon å leite etter mandel, på samme måte som i nissegrauten, men om du ikkje vil ha konkurranse bør du likevel servere mandlar til riskremen. Det smakar skikkeleg godt! Hakka mandlar eller skiva mandlar som ein strør på toppen. Mmmm!

riskrem med raud saus
Den raude sausen er aller best i heimelaga versjon, og det lagar du lett. Raud saft varma og så tjukna med litt potetmjøl er alt som skal til. Har du lyst på bærversjonen skal du få den av meg i tillegg. Litt frosne bringebær, sukker og vatn er alt som skal til:

  • 300 g frosne bringebær
  • 1 dl sukker
  • 0,5 dl vatn

Kok opp til alt sukkeret er oppløyst. Bruk ei sleiv for å mose bæra godt. Sil sausen gjennom eit dørslag, slik at du får fjerna om lag halvparten av bringebærsteinane. Resten av steinane beheld du i sausen som du no avkjøler før servering. Mmmm! Ein litt meir vaksen variant som absolutt kan anbefalast!

riskrem med raud saus

Oppskrift på Riskrem med raud saus

6 porsjonar / Tid: 30 min

Riskrem

  • 4 dl kald risengrynsgraut
  • 3 dl kremfløyte
  • 2 ss sukker
  • 1 ts Helios vaniljesukker

Bringebærsaus

  • 3 dl raud saft
  • 3 dl vatn
  • 1 ss potetmjøl og 1 ss kaldt vatn
  1. Kok opp raud saft og vatn. Rør ut potetmjøl og kaldt vatn i eit glas og hell det i ein tynn stråle i kasserolla medan du rører. Varm opp til det tjuknar og trekk deretter kasserolla til side for avkjøling. Pass på at du ikkje varmar og rører for lenge, då vil sausen bli seig. Oppbevar i kjøleskap fram til severing.

  2. Visp kremfløyte, sukker og vaniljesukker til luftig krem. Vend kremen inn i den kalde grauten, til det er ei jamn masse. Ikkje rør kraftig slik at du beheld mest mogleg av lufta i kremen.

  3. Server riskrem med bringebærsaus, gjerne pynta med mandelflak.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.