Druesalat

Druesalat er super å setje på bordet der du ellers ville ha servert potetsalat eller waldorfsalat, eller gjerne som tillegg til desse to klassikarane når du skal ta med noko til koldtbordet. Salaten er frisk og god og superenkel å lage!

Druesalat

  • rask
  • enkel
  • knakande god på koldtbordet

DruesalatDrue og purresalat passar veldig godt til spekemat og den held seg godt i kjøleskap om du vil lage den dagen før eit selskap. Då passar du berre på at salaten er i ein tett behaldar, og så kan det vere lurt å helle den over i ei finare serveringsskål før servering for å unngå dugg på kanten.

Sukkermengden kan du halvere om du vil, men litt søting må til for at salaten skal smake aboslutt best mogleg. I staden for sukker kan du sjølvsagt bruke din favoritt av søting, honning er for eksempel også veldig godt!

salat til koldtbord
Eg serverte denne til julelunsj no i desember med røykalaks, spekemat og godt brød til. Dagen etter blei det sjølvsagt restefest, og salaten smakte minst like godt då.

Sidan salaten er laga på (under) 15 minutt er det berre om å gjere å vere førstemann ut og foreslå å ta med seg denne til koldtbordet neste gong du er gjest! Så kan det vere din og min hemmeligheit at det er så raskt og enkelt;)

Drue- og purresalat
Tusen takk til min fine nabo Elise som delte oppskrifta!

Oppskrift på Druesalat

6-8 porsjonar / Tid: 15 min

  • 500 g blå druer
  • 1 purre
  • 3 dl lettrømme
  • 2 dl majones
  • 3 ss sukker
  • 1 ts sitronsaft
  1. Rør saman rømme, majones, sukker og sitronsaft.

  2. Skyll druene godt og del dei i to.

  3. Del purren i to på langs, vask godt og del den så i 0,5 cm tjukke strimlar.

  4. Bland dressingen med drue og purre, hald gjerner litt til bake av begge deler for å strø på toppen.

  5. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.