Karamellfudge

Karamellfudge treng vel kanskje ikkje noko nærare forklaring? Du finn desse gode mjuke, eller steinharde, fudgebitane i alle smågodtdiskar på matbutikkane. Men det er himla enkelt å lage dei sjølv, så her er det berre å gle seg!

karamelfudge Med litt ekstra salt saman med det søte blir desse karamellbitane endå betre spør du meg, det skal ikkje så mykje til -men du for ein skilnad. Med litt salt i smøret i tillegg må du passe på at det ikkje blir for mykje. Er du i tvil kan du helle strø litt flaksalt over dei ferdige karamellane, så kan ein berre børste det av om ein synest det blir for mykje.

fudge med karamellsmak

For å lage denne fudgen treng du søt kondensert mjølk på boks. For berre nokre få år sidan var det nesten ikkje råd å finne desse boksane på matbutikken, men no finn du dei heldigvis på dei fleste butikkane. Boksen står som regel saman med bakervarene og den litt større (og usøta) vikingmjølka. Finn du den ikkje kan du stikke innom ein Asiabutikk, der vil dei i allefall ha den -og til ein mykje billigare penge.

karamell hjemmelaget karamell

Karamellen forblir mjuk og seig om du pakkar den tett, og så tørkar den litt ut og blir hardare om du ikkje pakkar den inn. På denne måten kan du bestemme sjølv korleis du vil at din karamellfudge skal bli! Dei held seg uansett best i kjøleskap synest eg.

karamelfudge

Oppskrift på Karamellfudge

3-4 porsjonar / Tid: 10 min + tid i kjøleskap

  • 400 g (1 boks) søt kondensert mjølk
  • 150 g (kokosblomst)sukker
  • 1/2 vaniljestang
  • 2-3 klyper flaksalt
  • 100 g smør
  1. Splitt vaniljestanga og skrap ut frøa. Bruk både frø og stang og ha alt i ei kasserolle. Kok opp under omrøring.

  2. La blandinga koke i 10-15 minutter medan du rører, til karamellen er 115 grader. Har du ikkje sukkertermometer kan du sleppe ei dråpe flytande karamell i eit glas med kaldt vatn. Dersom du kan forme ei kule av det er den ferdig, dersom det berre flyt uttover må du koke litt til.

  3. Hell karamellen over i ei bakepapirkledd form på ca 10 x 10 cm. Eller bruk ei større form om du ikkje vil ha så høge fudgebitar. Plukk ut vaniljestanga og kast den, eller skyll, tørk og bruk den til å lage heimelaga vaniljesukker.

  4. Sett karamellfudgen i kjøleskapet i ca 3 timar eller over natta før du deler den opp med ein skarp kniv.

  5. Oppbevar karamelfudge i kjøleskapet, om du vil ha den knallhard slik som i smågodthyllene på butikken let du den stå utan innpakking -og om du vil ha den mjuk pakkar du den i tett boks.

  6. Karamellfudgen held seg lenge, men er oppeten før du veit ordet av det!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.