Sjokolade med pistasjenøtter og tranebær

Sjokolade med pistasjenøtter og tranebær er nesten så enkel å lage at det ikkje trengst oppskrift. Men slik er det jo ofte med ting ein kan og har gjort, då blir det så enkelt. Men denne oppskrifta her treng du verken vere kokk eller kjøkkenentusiast for å få til. I bunn og grunn handlar det om å smelte sjokolade og legge til nokre gode smakar.

hakka pistajsenøtter

 

Ei klype salt gjer underverker saman med det søte, og bortsett frå det kan du nesten tilsetje kva det skulle vere av dine favorittar. Mørk sjokolade saman med nøtter og frukt er ein suksess -berre sjå alle variantane du finn som ferdige versjonar i butikken!

Sjokolade med pistasjenøtter og tranebær

Pistasjenøtter og tranebær blir min julevariant, med både rette smakane og rette fargane. Grønt og raudt -det kan vel ikkje bli meir jul enn det? Her har du oppskrifta på julegodisen du kan lage om du verkeleg ikkje har tid til å stå på kjøkkenet. 15 minutts innsats, eller kanskje berre 10 om du er litt effektiv, og så har du heimelaga godis å servere!

Sjokolade med pistasjenøtter og tranebær

Håper det fell i smak:)

Hjemmelaget sjokoladeplate

Oppskrift på Sjokolade med pistasjenøtter og tranebær

2 porsjonar / Tid: 15 min

  • 100 g mørk sjokolade
  • 2 ss pistasjenøtter
  • 1-2 ss tranebær
  • 1 god klype flaksalt
  1. Knekk sjokoladen i bitar og smelt den over vassbad.

  2. Hakk opp pistasjenøtter og tranebær.

  3. Gjer klar ei form, dess større dess tynnare sjokoladeplate. Mi form var ca 10x30 cm. Kle forma med plastfolie.

  4. Rør inn saltet i den smelta sjokoladen og hell den så over i forma.

  5. Strø over pistasjenøtter og tranebær og set forma i kjøleskap (eller frysar om du har dårleg tid) til det har stivna.

  6. Nyt!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.