OPPSKRIFTS­UTFORDRINGEN: Julekrydder

Det er desember og ny måned betyr ny oppskriftsutfordring for oss matbloggarar! Denne månaden er det min tur å ha stafettpinnen, og eg håper mange hiv seg med i ei travel førjulstid og blir med på #oppskriftsutfordringen!

oppskriftsutfordringen: julekrydder

I forrige månad var det Vidar som utfordra med Cook for Syria,  der ein rette oppmerksomheita mot Syria ved å heidre deira matkultur, smakar og tradisjonar. Ein klikk innom anbefalast for å bli freista til å lage digg mat frå midtausten -her er det i allefall fleire oppskrifter som står på mi to-make-liste.

oppskriftsutfordringen: julekrydder

I desember er det vanskeleg å tenkje, smake og drøyme om noko anna enn deilig julemat, julegodt og juledessertar -og det skal vi fortsette med i oppskriftsutfordringa også. Temaet er nemleg (som du kanskje har gjetta) julekrydder! Det er tid for rause mengder av varmande, deilige krydder.

oppskriftsutfordringen: julekrydder

Julekrydder

Definisjonen på julekrydder varierar litt etter kven du spør, og det er ingen absolutt fasit her i utfordringa heller. Varmande krydder, gjerne fleire i lag, som vi nyttar mest denne månaden av året står i fokus og så blir det opp til deg å definere kva krydder som er med som julekrydder. Eg har likevel laga ei oppsummering over dei mest vanlege under, så kanskje du kan bli inspirert eller lære noko nytt i jakta på den perfekte oppskrifta med julekrydder i. Du kan lage kaker, middag, varm drikke, kald drikke, iskrem, dessert, godis, karameller, julekaker eller kva som helst anna som høver på ein matblogg -så lenge det er julekrydder i.

jule krydder

Kanel

Kanel kjem opprinneleg frå Sri Lanka og er eit tropisk tre som kan bli opp til 15 meter høgt. I seinare tid har ceylon-kanelen fått hard konkurranse frå den billigare kassia-kanelen frå Kina-området, og det er denne som er mest utbreidd i Norge i dag. Ceylonkanel blir rekna som den ekte kanelen og har ein finare smak enn kassiakanelen.

På bileta ser du kanel som eg kjøpte på kryddermarknad i Goa no forrige veke, og sjølv om ein skulle tru at det var kanel frå Sri Lanka når ein er så nær liknar dette mest på kassia-kanel dette også. Vil du ha ceylonversjonen finn du den ofte som økologisk variant eller på helsekost.

Kanel skal virke godt på både blodtrykk og blodsukker samstundes som den er bakteriehemmande.

Ingefær

Er ei liljeliknande urt som blir dyrka i tropisk klima og kan bli opptil ein meter høg. Det er eit av dei mest brukte kryddera og blir nytta både fersk og tørka. Den ferske ingefærrotta blir spesielt brukt i asiatiske rettar og den sylta versjonen får du til sushi. Tørka ingefær er god å bruke i kjeks og kaker, og spesielt i pepperkaker er det mykje ingefær. Så heiter dei også ginger(ingefær)bread cookies på engelsk.

Ingefær er kvalmedempande og å drikke varmt vatn med ingefærrot og sitron skal vere godt mot det meste.

Kryddernellik

Krydddernellik er kanskje mest kjent for oss som fine nellikspiker i appelsinen i Jul i Skomakergata. Heil kryddernellik blir kalla nellikspiker medan nellik er krydderet. Brukt i asiatiske curryblandingar, gløgg, svin og pølser – både i spiker og kryddervariant.

Kryddernellik er mildt smertestillande og betennelsedempande.

Kardemomme

Denne smaken kjenner vi godt frå søt gjærdeig, og er knallgod i krumkaker og småkaker også. Ein grønn kardemommekapsel lagt i botnen av kaffikoppen gir god smak (Takk for tips på snapchat!) og anbefalast å kjøpe med frå neste Asia-butikk-stopp.

Kardemomme skal hjelpe mot fordøyelsevanskar, betennelsar og gallestein.

Muskat

Med søt og mild smak set denne prikken over i’en i alle kvite sausar og gratengar. Berre små mengder er nødvendig, og det passar fint sidan dette krydderet er giftig i store mengder. Men ikkje la deg skreme av det, denne prikken-over-i-en vil du ha!

Muskat skal ha ei viss smertelindrande effekt.

Stjerneanis

Dette må vere eit av dei vakraste kryddera som finnast. Dei små stjernene løftar kvar ei gløgg-gryte til nye høgder med si fine form. I den asiatiske risretten biryani er stjerneanis eit av kryddera og også i den kinesiske five-spice krydderblandinga.

Stjerneanis skal virke mot revmatisme og kollik, og er mykje brukt i te.

Safran

13. desember er det ingen over og ingen ved sidan av. Safran må til for å få rett smak og farge på lussekattane, og det er berre å byrje å spare for å kjøpe verdas dyraste krydder. Heldigvis treng ein ikkje mykje safran, så lommeboka klarer seg greit og det blir ofte moglegheit til å lage andre rettar med safran etter Luciadagen. Safranrisotto eller paella for eksempel.

Safran skal vere bra mot mellom anna kreft og depresjon, men er farleg i for store mengder. Men det er vel heller usannsynleg at du skal få til, med den gramprisen.

Allehånde

Allehånde er med i stort sett alle rullepølser, leverposteiar og anna heimelaga pålegg til jul. Dette krydderet gjekk det lenge før eg oppdaga at det ikkje var ei blanding av andre krydder. Smaken og lukta er nemleg så brei at det verkar å vere sett saman av mange andre krydder i staden for å vere eit eige. Så feil kan ein altså ta, allehånde er nemleg steinfrukter frå allehåndetreet!

Allehånde er bra for fordøyelsen og er mildt smertedempande.

kryddermarked goa oppskriftsutfordringen: julekrydder

Bli med i #oppskriftsutfordringen i desember!

  1. Lag ei oppskrift der du nyttar julekrydder og post den på bloggen din.
  2. Post bilete på Instagram #oppskriftsutfordringen og tag @kvardagsmat.

Bli med då vel, og følg med på bloggen her også; det kjem både oppskrifter med julekrydder og oppsummering av oppskriftene som er med:)

julekrydder

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.